Musikk

Sorgkunst

Liding treng berre fire tonar.

Mezzosopranen Marianne Beate Kielland.
Mezzosopranen Marianne Beate Kielland.
Publisert

Fire fallande tonar – det skal ikkje meir til for å framkalla kjensla av sorg og sakn i barokkmusikken. Plasserer ein dei i bassen og spelar dei i lågt tempo med stadige repetisjonar, har ein ein såkalla «lamento»-bass. Det skal godt gjerast å finna nokon italiensk 1600-talsopera utan minst éin slik klagesong, som ofte berre blir kalla «lamento». Også i kyrkjemusikken blei satstypen populær.

Lamento er òg namnet på ensemblet Oslo Circles’ nye album, der dei har sett saman ulike vokale lamenti med høvande instrumentalstykke. Med seg har dei mezzosopranen Marianne Beate Kielland, ein av våre stilistisk mest allsidige songarar. Kjenner du til fleire enn tre av dei i alt elleve komponistane, er du god.

Svell på tonen

Originalinstrumentensemblet Oslo Circles består av fem musikarar, fordelte på to fiolinar, cello (eller viola da gamba), lutt og cemblao (eller orgel). Det fyrste eg tenkte då eg sette på opningssporet, Girolamo Frescobaldis (1583–1643) Canzone quarta a 2 canti, er at ein sjeldan høyrer fiolinistar spela med så lite vibrato. Klangen til Astrid Kirschner og Maria Ines Zanovello er slank og klår som på orgel, men ikkje hard, for dei svell fint på dei lange tonane.

Den homogene ensembleklangen kjem spesielt godt fram i Salamone Rossis (1620–1669) Sinfonia grave a 5. Denne tener som forspel til det mest kjende nummeret på plata: Claudio Monteverdis (1567–1643) «Si dolce è’l tormento» («Så søt er lidinga mi»), som blir sunge ukunstla og vakkert – sjølv om melodien fint kunne tolt at frasane blei strekte lenger enn det Kielland her gjer.

Tvitydig

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement