Film

Songtankar

Vakker bhutansk film tek nye vegar og fascinerer, trass i ujamt nivå.

Tandin Bidha spelar hovudrolla som læraren Nima.
Publisert Sist oppdatert

Læraren Nima (Bidha) får sparken på dagen fordi ein video sirkulerer i Thimpu der det ser ut som ho har sex. For å reinvaske namnet sitt fer ho sør til grensebyen Gelephu på jakt etter Meto, som ho trur er kvinna i videoen.

På leitinga treffer ho folk med ulike forhold til Meto. Kvinnene er kliss like, og ho er ikkje lett å finne.

Høgt og lågt

Jeg er sangen er visuelt vakker. Fjell, folk og tradisjonell pynt gjer seg, men regissør Dechen Roder har klare tankar om kva ho vil i spelet med fargar og utsnitt. Fortida er gjerne i disig lys. Etter kvart verkar fortid og notid vanskelegare å skilje. Tvil høyrer med. Forteljinga dryp sakte detaljar som opnar for ulike tolkingar. Songen er ofte flott, men pubtrubaduren Tandin (Wangyel) kunne lagt vekk gitaren oftare. Noko bakgrunnsmusikk er roleg skurrande på ein god måte.

Augo til Tandin Bidha i hovudrolla osar av frykt ho freistar halde tilbake, men ho har òg eit målretta blikk. Kroppsspråket er spent og knytt. Eg set pris på alle kjenslene pakka inn bak ein emosjonell rustning. Bidha ber filmen. Bifigurane held ulike nivå. Nokre overtyder, andre er svakare. Kanskje ein kunne kutta litt, men kompleksiteten av karakterar er viktig for biletet av Bhutan. Roder handsamar kva kvinner kan vere, med innsikt. At kvinner blir straffa for å vere offer, er deprimerande universelt.

Ny tid

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement