Bok
Sommarleir i helvete
Eduardo Halfon har eit kritisk blikk på jødisk minnekultur.
Eduardo Halfon har gjeve ut 14 skjønnlitterære bøker. Seks av dei er omsette til norsk.
Foto: Solum Bokvennen
Frå 2018, med Den polske bokseren, har Solum Bokvennen gitt ut seks korte romanar av den guatemalanske forfattaren Eduardo Halfon (f. 1971), alle omsette av Signe Prøis. Halfon diktar seg sjølv inn i alt han skriv, han opptrer som Eduardo Halfon i alle romanane.
Synsvinkelen ligg heile tida hos Halfon som forteljar, subjektivt og på jakt etter ei større sanning om seg sjølv og den bakgrunnen han har i det jødiske og i ein familie som heile tida har flytta frå det eine landet til det andre i Europa, fram til bestefaren, som overlevde Auschwitz, slår seg ned i Guatemala. Men Guatemala var ikkje noko trygt land på 1980-talet, og foreldra flykta til USA i 1981 da Eduardo var ti år gammal.
«Aldri igjen»
I årets roman er han tilbake i Guatemala. Det er 1984, han og broren er sende dit på ein sommarleir for jødiske barn for å lære «ferdigheter for å overleve i villmarken», ein slags speidarleir, kan det verke som, før dei vaksne snur det heile til å bli ein ekstrem og brutal konsentrasjonsleir der barn skal få kjenne den smerta og redsla som foreldre og besteforeldre opplevde, og som dei få som overlevde, har fortalt om i generasjonane etterpå, i ein jødisk minnekultur kring holocaust med det overordna målet «aldri igjen». Hos nokre går det så langt at dei tatoverer fangenummera til besteforeldra og oldeforeldra på underarmen.
Førti år etter denne skremmande opplevinga i urskogen i Guatemala treffer Halfon igjen ei av jentene frå leiren, Regina. Han er på turné i Europa, og han kjenner ho igjen blant publikum. Ho har framleis kontakt med Samuel Blum, leirkommandanten, noko som får Halfon til å tru at ho på eitt eller anna vis høyrde til den inste kretsen i leiren med band til israelsk etterretning og israelske spesialstyrkar som lever etter mottoet: «Hvis du vil ha fred, må du forberede deg på krig.»
Ingen ting er slik det ser ut på overflata; det er lag på lag med løyndommar, desinformasjon, indoktrinering og reine løgner, og for Halfon blir dette eit oppgjer med den militante og autoritære sida av jødedommen, slik han også tok eit oppgjer med den ultraortodokse jødedommen i romanen Kloster, på norsk i 2020. Halfon går tett på det ubehagelege ved dagens Israel, og det er både sterkt, interessant og skremmande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.