Teater

Solstad-roman med klovnefjes

Retrospektiv romanklassikar blir fysisk tulleteater.

På scena står frå venstre: Andreas Stoltenberg Granerud, Stine Fevik, Modou Bah, Eldar Skar og Ingvild Holthe Bygdnes.
På scena står frå venstre: Andreas Stoltenberg Granerud, Stine Fevik, Modou Bah, Eldar Skar og Ingvild Holthe Bygdnes.På scena står frå venstre: Andreas Stoltenberg Granerud, Stine Fevik, Modou Bah, Eldar Skar og Ingvild Holthe Bygdnes.
Publisert

Oslo Nye Centralteatret

Romanen om gymnaslærar Pedersen var ved lanseringa for 40 år sidan eit både morosamt og ettertenksamt minneskrift over sjølve sekstiåttarradikalismen i Noreg. Berre få år etter at det hadde stått på som verst, verka denne omfattande politiske tendensen utruleg og usannsynleg, og det seier jo òg sitt om kor kort levetid trendar og teikn i tida oftast har. Når det er over, verkar det straks som det aldri har vore der, og vi vert forbløffa over å bli konfrontert med det att.

I tillegg til å setje den nære fortida i perspektiv var denne boka òg ei svært medrivande episk forteljing. Her var både struktur og baktanke, som det vel vil vere i all god skjønnlitteratur. Det er for så vidt ikkje å undrast over at dette har lokka både film- og teaterfolk til vidareformidling. Men det å kombinere realisme og satire kan gå godt i forteljarforma. Det er ikkje like lett å syne det på skjerm og scene.

Kunstnarleg glød

Den vitale skodespelaren og regissøren Ole Johan Skjelbred har ofte utmerkt seg med ein frekk og munter villskap når han sjølv står på scena. Den kunstnarlege gløden hans kan sånn sett godt kjennast att i tilnærminga hans til romanen som teater. Her er det mykje energi og plastisk overskot. Problemet er at han har valt å gjengi historia og personskildringane i ein slags karikert teikneserieversjon. Skodespelarane er maia ut som klovnar i kostyme og parykkar, og dialogar og kroppsspråk er lagde i ein ultraironisk avstand til det litterære førelegget. Spesielt morosamt vert dette ikkje, og mange sekvensar er dregne ut i det uendelege, truleg av di det er venta at dei skal mjølke meir og meir latter frå publikum. Ein av skodespelarane, Stine Fevik, som spelar nøkkelpersonen Nina Skåtøy, får applaus for open scene da vi trur den lange monologen hennar er ferdig. Men så held ho fram i endå ti minutt. Reint sportsleg og kondisjonsmessig gjer både ho og dei andre ein imponerande jobb, men det kan aldri bli anna enn ei rein låtteleggjering av det Dag Solstad sette eit utforskande, retrospektivt søkelys på.

Meir lågmælt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement