Bok

Solid verk om Aleksandr Pusjkin

For fyrste gong har det kome ei bok om diktaren Aleksandr Pusjkin (1799–1837) på norsk.

Aleksandr Sergejevitsj Pusjkin i morgonkåpe (1799–1837). Utsnitt av målarstykke av Vasilij Andrejevitsj Tropinin i 1827, eit portrett far til Pusjkin skal ha meint likna sonen mest.
Aleksandr Sergejevitsj Pusjkin i morgonkåpe (1799–1837). Utsnitt av målarstykke av Vasilij Andrejevitsj Tropinin i 1827, eit portrett far til Pusjkin skal ha meint likna sonen mest.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Det er eit solid litteraturhistorisk verk Erik Egeberg har skrive. Den russiske nasjonaldiktarens liv og verk blir sett inn i ein brei og forståeleg samanheng. Til slutt får me jamvel eit utval av Egebergs eigne gjendiktingar av Pusjkins poesi.

Pusjkin er eit av verdslitteraturens store paradoks. Denne russiske diktaren, som russarane sjølve reknar som sin aller største, er relativt lite kjend i verda elles. Gigantar som Tolstoj og Dostojevskij var samde: Pusjkin var den største av dei, han var eineståande.

Ein grunn er at Pusjkin i Russland er noko meir enn berre ein diktar. Hans verk og lagnad er ein del av dei sjølve. Dikta kan dei utanåt. I deira eiga historie om Russland, i nasjonalmyten, har Pusjkin ein viktigare plass enn dei fleste tsarane. Ikkje minst Dostojevskij, som heldt ein legendarisk tale under avdukinga av Pusjkin-monumentet i Moskva i 1880, har mykje av æra for at det blei slik.

Ein annan grunn: For å få ein prominent plass i verdslitteraturen må ein diktar utan bakgrunn i eit av dei fremste verdsspråka vere lett å omsetje. Pusjkin skreiv dei fleste verka sine i bunden form. Han skreiv vers der det aldri er tilfeldig kva ord som rimar, og som ofte gneistrar av grammatikk av alle ting. Tolstoj uttrykte undring over kor mykje Pusjkin kunne seie med ei setning på fire ord – fordi han såg og virtuost nytta spelerommet det grammatisk komplekse russiske språket gav han. Vladimir Nabokov sa at Pusjkins vers ikkje kan samanliknast med noko anna, dei kan berre samanliknast med Mozarts musikk.

Kvalitet og mangfald

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement