Snublestein
Eduardo Halfon viser fram djupet under overflata.
Eduardo Halfon er aktuell med roman nummer to omsett til norsk.
Foto: Adriana Bianchedi
Roman
Eduardo Halfon:
Sorg
Omsett av Signe Prøis
Solum/Bokvennen
Midt i september var Eduardo Halfon på Litteraturhuset i Oslo i samband med at romanen Sorg blei lansert på norsk. På vårparten kom Den polske bokseren, og begge romanane er sjølvbiografisk fiksjon med Eduardo Halfon som forteljar og tilretteleggjar. Signe Prøis har omsett begge romanane.
Eduardo Halfon (1971) har jødisk bakgrunn med morfar frå Libanon og farfar frå Polen. Med holocaust som bakteppe for begge romanane følgjer han spora tilbake til Sachsenhausen og Auschwitz i Tyskland, til Lódz i Polen og vidare til USA og Guatemala, der farfaren slo seg ned etter på mirakuløst vis å ha overlevd seks år i tysk fangenskap. Morfaren enda også opp i Guatemala, og slik blir dei to slektene fletta saman og førte vidare.
Mytar og mystikk
Men Halfon er meir opptatt av dei døde enn av dei levande, og det heile startar ved ein innsjø i Guatemala der onkelen Salomon skal ha drukna som barn. I vaksen alder vender Eduardo tilbake til familiens feriebustad for å finne ut meir om onkelen, men det viser seg fort at det var ingen Salomon som drukna i innsjøen. Halfon turnerer elegant forholdet mellom draum, fantasi og røyndom i ulike forkledningar under eit lag av mytar og mystikk og urgamle mayaritual fram mot ei erkjenning av at «dersom det fins flere forklaringer på et fenomen, er man nødt til å beholde alle».
Halfon følgjer to spor i romanen: det eine etter farfaren som overlevde, det andre etter onkelen som døydde. Det første sporet fører han til Sachsenhausen og Auschwitz og vidare til Lódz, som farfaren kom frå, og der bror til farfaren døydde i den jødiske gettoen i 1944. Bror til farfaren heitte Salomon. Berre eit falma bilde finst igjen etter han.
Det andre sporet går mot innsjøen Amatitlán i Guatemala, der Eduardo Halfon levde lykkelege barneår fram til 1981, da familien måtte reise til USA på grunn av borgarkrigen. Det er hit forteljaren reiser for å finne ut kva som faktisk hende da onkelen drukna. Igjen har han berre eit bilde å vise fram.
Kollektivt minne
Så er ingenting slik han hadde trudd. Forteljaren kjem tilbake til eit mistrøstig, fattigsleg og tilbakeståande lokalsamfunn rundt ein forgifta innsjø der mange barn har drukna, men ingen Salomon, og her gjer Halfon eit grep som heidrar alle dei døde barna og lar dei bli ein del av eit kollektivt minne.
Det er noko ved Halfons stil og grep som minner om W.G. Sebalds erindringsromanar, der fakta, fiksjon og bildestoff dannar ein mild melankoli over eige liv og over alle ein har møtt gjennom andre, gjennom bilde, gjennom historiene som finst om kvar einskild av oss, og som til slutt kanskje blir samla og komprimert og nedfelt i skrift eller også nedfelt som snublesteinar i gater rundt omkring i heile Europa.
Det er ein kort roman, men han er langt større enn sidetalet.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er noko ved Halfons stil og grep som minner om W.G. Sebalds erindringsromanar.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.