Snakkesalig

Offer for overgrep i den katolske kyrkja i Lyon får ei stemme i nytt drama av François Ozon.

Filmskapar Ozon skal ha ære for å ta til orde mot den institusjonelle stilla så mange har lidd under i all den tid.
Filmskapar Ozon skal ha ære for å ta til orde mot den institusjonelle stilla så mange har lidd under i all den tid.
Publisert

Ved Guds nåde handlar om ei sak som framleis var i rettsvesenet då filmen hadde fransk premiere i fjor.

Alexandre (Poupaud), François (Ménochet) og Emmanuel (Arlaud) er alle offer for løyndomane det katolske hierarkiet i Lyon heldt stilt om i mange tiår. I tre forteljingar møter vi vagt fiktive personar som freista stille overgrepsmannen Bernard Preynat og erkebiskopen Philippe Barbarin til ansvar.

Ta ordet

Valet med tre ulike typar som representerer dei mange offera, er effektivt for å få fram mangfaldet i figurar og skjebnar. Ein stor film av ein kjend regissør om ei så fersk sak har godt av den grundige og balanserte framstillinga Ozon har valt. Filmen er sakleg og skil seg litt frå profilen til Ozon ved å vere viktig og aktuell heller enn narrativt leiken. Her skal han få mykje sagt. Og som dei snakkar. Her er det ikkje tale om å følgje kapittel «Vise, ikkje fortelje» i filmhandboka.

Alt skal seiast. Spesielt i tidlege sekvensar, der dei les ei mengd e-brev høgt på rekkje og rad, kjennest teksttung. Detaljar skal med, men ein får ei kjensle av mas. Klippen kjennest hektisk. Dramaet blir dempa av solid saksgang. Tematisk er ein harelabb bortom skuld, straff og tilgjeving, men i fokus står historiene til menn som endeleg gjer motstand, tiår etter at dei som små speidargutar blei misbrukte. Alle spelar gjennomført godt. Ein fin snutt med kyrkjeorgel skil seg ut på eit lydspor med lite kraft. Dei visuelle ambisjonane er små.

Overgrep over tid

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement