Snakkesalig
Offer for overgrep i den katolske kyrkja i Lyon får ei stemme i nytt drama av François Ozon.
Filmskapar Ozon skal ha ære for å ta til orde mot den institusjonelle stilla så mange har lidd under i all den tid.
Foto: SF Anytime / Blockbuster
Drama
Regi: François Ozon
Ved Guds nåde (Orig.tittel: Grâce à Dieu)
Med: Melvil Poupaud, Denis Ménochet, Swann Arlaud
SF Anytime / Blockbuster
Ved Guds nåde handlar om ei sak som framleis var i rettsvesenet då filmen hadde fransk premiere i fjor.
Alexandre (Poupaud), François (Ménochet) og Emmanuel (Arlaud) er alle offer for løyndomane det katolske hierarkiet i Lyon heldt stilt om i mange tiår. I tre forteljingar møter vi vagt fiktive personar som freista stille overgrepsmannen Bernard Preynat og erkebiskopen Philippe Barbarin til ansvar.
Ta ordet
Valet med tre ulike typar som representerer dei mange offera, er effektivt for å få fram mangfaldet i figurar og skjebnar. Ein stor film av ein kjend regissør om ei så fersk sak har godt av den grundige og balanserte framstillinga Ozon har valt. Filmen er sakleg og skil seg litt frå profilen til Ozon ved å vere viktig og aktuell heller enn narrativt leiken. Her skal han få mykje sagt. Og som dei snakkar. Her er det ikkje tale om å følgje kapittel «Vise, ikkje fortelje» i filmhandboka.
Alt skal seiast. Spesielt i tidlege sekvensar, der dei les ei mengd e-brev høgt på rekkje og rad, kjennest teksttung. Detaljar skal med, men ein får ei kjensle av mas. Klippen kjennest hektisk. Dramaet blir dempa av solid saksgang. Tematisk er ein harelabb bortom skuld, straff og tilgjeving, men i fokus står historiene til menn som endeleg gjer motstand, tiår etter at dei som små speidargutar blei misbrukte. Alle spelar gjennomført godt. Ein fin snutt med kyrkjeorgel skil seg ut på eit lydspor med lite kraft. Dei visuelle ambisjonane er små.
Overgrep over tid
Ved Guds nåde manglar den friske stilen og dei frekke perspektiva til filmar som rører ved lik materie, som El Club av Pablo Larraín (2015) og Dårlig oppdragelse av Pedro Almodóvar (2004). Han rammar heller ikkje så hardt og dramatisk som Oscar-vinnaren Spotlight (2015). Såleis er det ikkje ei stor synd mot kunsten at denne går rett på nettleie.
Den profilerte filmskaparen Ozon skal ha ære for å ta til orde mot den institusjonelle stilla så mange har lidd under i all den tid. Fleire stemmer er velkomne. Denne filmen er i overkant pratesjuk, men for all del, salige er dei som snakkar.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.