Bok
Smakebit av Håvamål i stilig nytt språk
Kristin Fridtun syner solid norrønfilologisk kunnskap og fin fingerspisskjensle for omsetjing.
Kristin Fridtun er utdanna filolog, forfattar på heiltid og fast skribent i Dag og Tid.
Foto: Lene Sørøy Neverdal
Håvamål, «den høges tale», er eit av gudedikta i Den eldre Edda som mange av oss kjenner frå skulegangen. I strofene 96 til 102 er ein episode med Odin som oppsøkjer Billings møy i elskhug. Han vil ha henne, men han vert lurt. Han kom over henne medan ho sov, «solkvit på senga» (Fridtuns omsetjing 2023), ho bad han komme att «i kveld».
Men då Odin kom att, var heile hæren vaken, «fakler var tent og tømmer stabla, jeg fikk inga lett løype». Neste gongen han kom, på morgonkvisten, låg ei bikkje bunden på senga. «Det kom bare spott fra den kloke kvinna, jeg fikk ingenting annet av den dama», seier Odin til slutt, i Fridtuns nye omsetjing av desse sju strofene, ei av få omsetjingar som gjev att ordet klok om Billings møy begge stadene det er nytta i den norrøne teksten. I ein fyldig faghistorisk og språkleg utgreiande tekst om Håvamål og omsetjingane av det, fokuserer boka på desse strofene.
Solid kunnskap
Kristin Fridtun gjev oss eit grundig innblikk i dei ulike omsyna som kan vere med på å styre vala av moderne uttrykksmåtar for dei gamle strofene. Kor tungt skal plasseringa av rimet vege, til dømes?
I 2023-omsetjinga si av strofe 96–102 frigjer Fridtun seg noko frå rimet, og på godt grunnlag, tykkjer eg. Det er svært flott gjort. Også 2017-versjonen hennar, som er sett opp ved sida av, er god og presis.
Som omsetjarar gjer vi uunngåeleg tolkingar og språklege val. Ein må freiste å sjå sin eigen ståstad med dei vurderingar, tolkingar og perspektiv på teksten det inneber. I Klok kvinne eller digg dame? har Fridtun valt eit kjønnsperspektiv på Håvamål og omsetjingane av diktet. Det er eit personleg vinkla hovudtema der forfattaren set opp ‘mannleg’ og ‘kvinneleg’ nokså sterkt polarisert som motsetnader.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.