Bok
Små menn med lange skuggar
Mario Vargas Llosa si skriveklo er like kvass som før.
Mario Vargas Llosa fekk Nobelprisen i litteratur i 2010.
Foto: Ulla Montan
Mario Vargas Llosa fekk Nobelprisen i litteratur i 2010 «for sin kartografi av maktstrukturer og sine bitende bilder av den enkeltes motstand, opprør og nederlag». Han var 76 år, og ein kunne tru at han ville trekkje seg tilbake som forfattar, men han skriv framleis storslegne romanar, godt inn i 80-åra, og den siste romanen hans kom på spansk i 2019. Ulvetid er den norske tittelen. Dermed finst 19 av romanane hans på norsk. Av latinamerikanske forfattarar er det berre Isabel Allende og Gabriel García Márquez (1927–2014) som kan vise til noko liknande.
Satire og kritikk
Mario Vargas Llosa har heile vegen veksla mellom samfunnssatire og skarp samfunnskritikk, gjerne basert på historisk materiale eller personlege erfaringar. Han utforskar ofte den sosiale utopien i kollisjon med ein brutal røyndom, det vere seg i heimlandet Peru eller andre stader i det spanskspråklege Amerika, som Brasil, Den dominikanske republikken eller Guatemala, der handlinga og konflikten i Ulvetid utspeler seg på 1950-talet, etter at den folkevalde presidenten Jacobo Árbenz (1913–1971) innførte ei jordreform som fekk det til å svartne for godseigarklassen og for United Fruit.
I tillegg innførte han skattlegging av United Fruit og opna for fagorganisasjonar. Dermed gjekk alarmen i Washington, og heile apparatet med kampanjejournalistikk og fake news, infiltrasjon, trugsmål og invasjonsplanar med nyttige idiotar og marionettar blei tatt i bruk for å fjerne Árbenz under det kyniske mottoet «splitt og hersk», slik USA alltid har gått fram i Mellom-Amerika.
Verkelege personar
Aktørane i dette dramaet er verkelege personar, og Vargas Llosa legg ikkje fingrane imellom når han dokumenterer korleis små menneske med stor makt blir livsfarlege for dei som måtte meine noko anna enn dei paranoide kommunistjegerane i Washington under leiinga av Joseph McCarthy og ulike stråmenn i Mellom-Amerika.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.