Film
Slutten på eit vent vennskap
Den irske Oscar-favoritten til Martin McDonagh er morosam og mørk.
Dei gamle venene, spelte av Colin Farrell og Brendan Gleeson, i Martin McDonaghs film.
Foto: Searchlight Pictures
Einfaldige Pádraic (Farrell) er bestevenn med Colm (Gleeson). Trur han. Brått ein dag vil ikkje Colm så mykje som opne døra for han. Han ber jamvel kameraten om å ikkje snakke til han. Elles blir det blodige konsekvensar. Colm er olm. Den flinke felespelaren truar med å klippe av seg ein finger for kvar gong den tidlegare kameraten freistar å prate med han. Sjokk og vantru pregar grenda og puben.
Folk og fe
Ein treng knapt ha tilsett nokon til å passe på kameraet for at dei små øyene utanfor vestkysten av Irland skal sjå spektakulære ut. Grøne enger, svarte knausar og hav som brusar friskt, er flott. Fleire filmar burde sjølvsagt òg ha med eit esel på rollelista. Eselet Jenny står ikkje tilbake for dei fire tofotingane som alle har fått sin Oscar-nominasjon for skodespel.
Colin Farrell spelar på sine komiske strengar som naiv og grei gut. Brendan Gleeson er ein briljant grinebitar som er godlynt i rett selskap. Kerry Condon er knakande god som systera til Pádraic, ei skarp dame som helst vil vekk frå den forblåste øya. Barry Keoghan må ta til takke med ei rolle som bygdetulling. Figuren gjev ikkje rom for at kan gjere si beste rolle, trass i Oscar-nominasjon. Filmen er nominert til heile ni statuettar og ligg altså godt an til å bli hugsa som ein stor film.
Grei eller viktig
Colm poengterer at folk minnest Mozart, men ingen blir hugsa for å vere snill. Debatten mellom dei to kling av Scooter: Det er greitt å vere viktig, men er det kanskje viktigare å vere grei? The Banshees of Inisherin er meir enn grei underhaldning. Eg humra støtt og stadig. Humoren blir gradvis mørkare. Låtten sit snart fast i halsen. Ein blir tidsnok trist.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.