Musikk

Slett ikkje doomt

Musikken til Black Debbath er det alvorlegaste som finst.

Publisert

Black Debbath er eit norsk doom metal-band elta i hop av Egil Hegerberg, Lars Lønning, Aslag Guttormsgaard og Ole Petter Andreassen. På Age of Kørka, det niande studioalbumet deira, får problema innetter i det alternative høgre med omland gjennomgå, og fy fire fjerdedels fillern, denne plata er fullstendig fy faderullandullandei framifrå.

Hysterisk hykleri

Sporet «Sutringsfrihet» tar tak i det hysteriske hykleriet og den djupe kognitive dissonansen i den offentlege debbathen om «ytringsfridom» og «sensur», og i bluesrockballaden «Sannhetens brød» blir vi servert oppskrifta (i hakkebakkeskogstil) på sanninga sitt lettfordøyelege brød: ta ein bolle rykte og forhasta konklusjon, slepp i ei klype sensasjon, fire knivsoddar fordom, ein desiliter trass, eit hekto lese på Facebook og litt tabloid journalistikk, men unngå kjeldekritikk.

Tittelsporet «Age of Kørka» er eit sløgt stykke crust punk: I høgna tempo vert det hylt høglydt på The Julekalender-språk om ymse sløkte høgrevridde fenomen, og i musikkvideoen set fortumla, oppblåste og uttørka kneipbrødskallar fyr på jordskorpa ved eit uhell eller tre. Opp sann, det var doomt, og på «Hobby dommedagsprofet» blir sjangernemninga «doom metal» meir bokstaveleg enn nokosinne: «Kva er greia med dommedag? Det finst jo verre ting», vert det vitsa med i introduksjonen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement