Bok
Slektas fangarmar
Aschehougs nyutgitte klassikar fortener nye lesarar.
Magnhild Haalke deler lagnad med mange store diktarar: Ho er nesten gløymd.
Foto: Leif Ørnelund
Magnhild Haalke (1885–1984) skreiv 18 romanar og mange noveller og var ei viktig forfattarstemme i samtida. Diverre deler ho skjebne med mange store diktarar: Ho er nesten gløymd. Aschehoug skal ha ros for å gi ut debutromanen hennar frå 1937 på nytt.
Allis sønn er ikkje lystig lesnad, men stor litteratur. I eit sterkt og sikkert språk, med ordbilete henta frå miljøet sjølv, trer dette øysamfunnet fram for oss. Haalkes meisterklo syner seg også i måten ho lett og ledig lar synsvinkelen skifte frå person til person, ofte i same scene. Vi får heile samanhengen og ser korleis alle personane i dette dramaet strevar på sitt vis.
Stormfullt
Alli og sonen Elling, fire–fem år då handlinga tar til, bur på ei grisgrendt øy ein stad på trøndelagskysten. Det er vêrhardt og smått, sterke naturkrefter står rett utom stovedøra. Faren til Elling er fiskar og ute sju år i strekk. Han er heime i eit så avgrensa tidsrom og så veik i relasjonen til eigne foreldre at han ikkje maktar å rokke ved maktkonstellasjonane som har etablert seg i fråværet hans. Det er synd, for Alli kunne ha trunge ein alliert. I heimen her er det nemleg farmor og farfar til Elling som rår, særleg farmor. Alli ligg heilt under for svigermors vilje og humør og blir såleis pressa frå to kantar: frå svigerforeldra som jamt går inn for å kue henne, og frå dette litt ville og litt annleis barnet som ho ikkje veit korleis ho skal handtere. Ho har stor kjærleik for Elling, men like mykje bekymring og ikkje minst kjenner ho djup skam for alle påfunna hans. I dette samfunnet er det å stikke seg ut det same som å skjemme seg ut.
Alli slit seg dessutan ut med å ro gutungen over havet til skulen. Ho orkar ikkje tanken på at Ellings påfunn skal påføre dei endå meir skam om han skal «losjere» på fastlandet, slik dei andre ungane frå øyene gjer dei vekene det er skule.
Om naturen her er sterk og vill og set strenge rammer for tilværet, er livet inne i personane den største trugselen. Elling er eit kjenslevart barn som utfordrar omgivnadene med sterke fantasiar og språkleg kreativitet. Han har òg ei stor evne til å rime. Det må han ikkje, særleg ikkje lage sin eigen versjon av fadervår. Skapartrong og -evne hos gutungen støyter gong på gong mot skrankane og forboda dei vaksne set opp. Etter som Ellings styrke mentalt og fysisk aukar, blir samanstøytane med dei rundt han tilsvarande dramatiske.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.