Sleggja er tilbake

Ei talande klubbe er eitt av dei komiske grepa til Øystein Runde.
Ei talande klubbe er eitt av dei komiske grepa til Øystein Runde.

Ni år etter at Øystein Runde forlét Olav Sleggja med open mage i slaget ved Svolder, kjem han heim til huset han vaks opp i på jakt etter persisk silketråd for å sy att vomma si sjølv. Han har eit spedbarn på skuldrene.

I det nye albumet om berserken får vikingtid og norrøn mytologi fylgje av referansar til poesi og barnebøker i ei populærkulturell ramme som gjev assosiasjonar til Quentin Tarantinos valdsestetikk på filmlerretet. Rå vald er intelligent underhaldning når Øystein Runde lèt Olav Sleggja slå seg laus.

Kunnskapsoverskotet er ikkje berre eit pluss. Om ein ikkje deler desse referansane, kan det vere vanskeleg å leve seg inn i Runde-universet.

På ei anna side gjev Berserk meir å filosofere over enn Soga om Olav Sleggja. Barnet på skuldrene, tilbakeblikk til oppveksten og eit underliggande ynske om eit rolegare liv heime skaper variasjon i stemningar og tempo.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement