Musikk
Slåttar og saluttar
Slik kan det klinga når gamal militær trommetradisjon og slåttespel møtest i ein akademisk samanheng.
Håkon Høgemo, Kjell Tore Innervik og Tom Karlsrud byr på dynamisk og nyansert esemblespel.
Pressefoto
Slåttetromma som ein kjenner frå «tamburtradisjonen», er eit av dei få døma på bruk av slagverksinstrument i norsk folkemusikk. Men i historisk lys er det tale om ein eldre militær trommestil som har blitt ein del av norsk bygdekultur. Mellom anna har trommemarsjar vore brukte i bryllaup og ved andre viktige sosiale markeringar.
Ein av dei få som har bore kunnskapen om dette spelet inn i vår tid, er Eirik Sundvor (1938–2024), som var professor ved Universitetet i Bergen og ein framståande jordskjelvforskar. Bestefar hans var Johannes Sundvor, som skreiv opp ein del av trommeslåttane frå bygdene rundt Bergen på notar.
I vår tid er det ei rekke yngre slagverkarar som har tatt opp denne arven og formidla han vidare, gjerne i nye samspelsformer. Ein av dei er Kjell Tore Innervik, som til dagleg er professor ved Noregs musikkhøgskule (NMH), og mest kjend som utøvar av samtidsmusikk.
På denne plata framfører han nokre slåttar solo, nokre i samspel med NMH-kollega Håkon Høgemo på hardingfele, og på tre av slåttane medverkar dessutan trekkspelaren Tom Karlsrud. Det er tale om tre svært rutinerte og kunnskapsrike utøvarar, og det er difor ikkje overraskande at dette kling godt og svingar rytmisk.
Men dei to mest spanande slåttane på plata er likevel «Salutt til Håkon Høgemo» og «Salutt til Eirik Sundvor». Her høyrer me inntil 20 tamburar samstundes, og dette er milevidt frå lagtromminga ein kjenner frå til dømes dei bergenske bogekorpsa. Det er tale om eit svært dynamisk og nyansert ensemblespel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.