Slapp satireFleire irritasjonsmoment hemmar hån av britisk imperialisme.DRAMARegi: Stephen Victoria and Abdul
Fleire irritasjonsmoment hemmar hån av britisk imperialisme.
Abdul (Fazal) er oppglødd over å møte det britiske statsoverhovudet (Dench).
Foto: Peter Mountain
Victoria and Abdul er basert på dagbøkene til Abdul Karim (Fazal), som i 1887 blei send frå Agra til Storbritannia for å gje den fjerne dronninga til okkupantane (Dench) ein indisk mynt. Abdul er oppglødd over å få sjå sjølvaste statsoverhovudet. Medreisande Mohammed foraktar alt dei brutale britane står for. Ingen høyrer på han. Før dronninga keiar seg i hel, får ho auge på kjekke Abdul. Ho kviknar til. Resten av filmen handlar om vennskapen mellom dei to og forståinga mellom keisarinna av India og hennar undersått. Det får det til å rable heilt for hoffet, og litt for meg.
Venlege Victoria
I byrjinga verkar den røynde regissøren Stephen Frears ha ein ikonoklast i seg når Victoria snorkar, smattar og overser alt og alle. Men nei, ho vaknar og endar opp som ein glødande forkjempar for mangfald og ei stemme mot kolonialismens rasistiske realitetar. Dronning Victoria forstår det flotte med indiske kulturar gjennom Abduls entusiastiske erklæringar.
Somme britiske kritikarar skuldar filmskaparen for å frikjenne den mektige monarken og lette den historiske skulda for kolonimaktas synder. Dei har eit poeng, sjølv om Frears formidlar kritikk av rasismen i den britiske eliten. Eit par gongar får han oss til å le av dobbeltmoralen og dumskapen, som når britane fiksar indiske klede for at dei skal sjå meir indiske ut.
Indisk Onkel Tom
Sparka mot Storbritannia er klare, men snarare enn systemkritikk blir resultatet kjærleg erting av det britiske sjølvbiletet og hylling av monarken. Satiren er ikkje skarp eller subversiv, men slapp. Servile Abdul er ein forferdeleg irriterande figur. Han er patetisk og parodisk karikatur av ein indisk Onkel Tom. Spelet til Ali Fazal er så inkjeseiande at eg vrir meg. Sjølvsagt spelar Judi Dench bra, men eg trur ikkje på forteljinga. Den søtlåtne skildringa vekkjer null sympati hjå meg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.