Film

Slaget i Shanghai

Sjå heller denne storslagne kinesiske krigsfilmen enn endå ein av same slaget frå USA.

Filmen er basert på ei sann historie i Shanghai i 1937.
Filmen er basert på ei sann historie i Shanghai i 1937.
Publisert

I 1937 tok japanske styrkar Shanghai. Erobringa enda med ei kringsetjing av Sihang-varehuset, der rykta sa at 800 kinesiske soldatar freista halde ut lengst mogeleg for å få ein moralsk siger. På andre sida av Suzhou-elva låg eit verna, internasjonalt strøk styrt av Storbritannia. Slik kunne verdssamfunnet sjå krigen frå orkesterplass. The Eight Hundred er ei grandios skildring av denne sceniske krigshistoria.

Mange skal med

Filmen er nett like pompøs og nasjonalistisk som den jamne krigsfilmen frå Noreg eller USA. Likevel forsvann filmen frå programmet til filmfestivalen i Shanghai i fjor av «tekniske årsaker». Sensurgudane veit kva som var med i dei tretten minutta som forsvann før filmen erobra kinesiske kinoar i haust. At heltane i filmen er frå Guomindang hjelpte neppe.

Vi heiar altså fram dei framtidige fiendane til kommunistpartiet. Rett nok er fleire av dei sentrale figurane desertørar og gjer sitt beste for å flykte frå frontlina. Vi vil dei uansett vel. Dei individuelle historiene slår sine slag for at kinesisk historie har plass til dei fleste, så lenge fellesskapen får forrang til slutt.

Skarp kontrast

Eg kan ikkje minnast å ha sett maken til motsetningar. Livet under neonskilta på den eine elvebreidda og døden på varehuset på den andre står i grell kontrast. Den minimale avstanden er ekte. Suzhou-elva er ein tynn arm. Utelivsbaronar, utanlandske offiserar og presse trong ikkje kikkert for å sjå krigen. Det ser utruleg ut, og det fungerer som ein kommentar til internasjonal passivitet andsynes konfliktar i dag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement