Teater

Skummel, men festleg klassikar

Originalt og underhaldande eventyrteater for vår tid.

Barneteatret ved Rogaland Teater fyller 60 år i år.
Barneteatret ved Rogaland Teater fyller 60 år i år.
Publisert

Til Rogaland Teaters Barneteaters 50-årsjubileum for ti år sidan vart det levert ein splitter ny musikal for born, av forfattaren Tore Renberg og Kaizer-musikaren Janove Ottesen. Stykket, i slekt med både Roald Dahls og Astrid Lindgrens kryssklipte draum- og realismehistorier, vart ein stor suksess, og framsyninga den gongen ei flott fane for Barneteatret som institusjon. Ti år etter er stykket visuelt og musikalsk så likt originaloppsetjinga, at det alt fortonar seg som ein klassikar i selskap med Egner-stykka og «Julestjernen». Litt mørkare i grunntonen er det blitt, men framleis først og fremst spennande.

Forteljinga om to born som må ut i verda for å leite opp tapte hjarte, og kjempe mot fienden som har stole dei, har sjølvsagt klåre referansar til eventyr vi har høyrt og barnestykke vi har sett før, men uttrykket er likevel gjennomført originalt. Her er forstørra kroppsdelar som lever sine eigne liv, tidsmaskinar og heilsprø vitskapsmenn og mystikarar, i det heile overveldande for auge og øyre. Og midt mellom alle dei flinke barnestjernene kjem òg dei to vaksne skodespelarane, ei velopplagt Oddrun Valestrand som eksentriske Irina og Mareike Wang som den vonde Nana i ein eldsprutande prestasjon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement