Teater

Skuleteater for vaksne

Ettertenksam og tidvis vittig, men ujamnt om skulereformen

Publisert

«Heimelaga» dramatikk om eit aktuelt emne i samtida er som kjent ein eigen, etter kvart velkjend teatersjanger som i Noreg først fekk fotfeste ved innstiftinga av regionteatra i 70-åra. I seinare år kjem han av og til opp att, til dels med sterke, fascinerande resultat. Denne gongen har ein vital jentegjeng på Nationaltheatret laga eit bilete på kva skulereforma gjer, eller kan hende gjer, med foreldre og born av i dag.

I skiftande riss vert vi presenterte for elevar og vaksne i ulike lære- og heimesituasjonar, leikent spela fram med aktørane i kjapt skiftande roller. I scenebiletet ser vi ein skuleklasse med elevar på pultar, skorne ut i papp, i naturleg storleik.

Mange av problema som kan oppstå i dette universet, kjenner vi att og forstår, sjølv om det vekslar mellom alvorleg realisme og karikatur. Mykje er klokt og morosamt, men konklusjonane er ikkje alltid så nytenkande som dei gjev seg ut for.

Marte Magnusdatter Solem som korrekt, men nevrotisk lærar er ein skarpt sett type, og når Marte Engebrigtsen spelar halvdement mor/bestemor på sjukeheim, nærmar framsyninga seg noko verkeleg tydingsfullt. Men i ei framsyning som ligg på eit så gjennomført metanivå, der skodespelarane i utsjånad ikkje skal illudere personane dei spelar, og der handlingar og rekvisittar berre usynleg vert mima, får vi ofte problem med å skjøne kva vi faktisk ser, og kva som hender.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement