Bok
Skuggen av mennesket
Med djup innsikt skildrar Bror Hagemann eit menneske på randa av samanbrot.
Bror Hagemann har gjeve ut ei rekkje romanar sidan debuten i 1985.
Foto: Paal Audestad
Det er ikkje godt å vita korleis ein kjem til å reagera når noko svært dramatisk brått skjer. På film og i litteratur ser ein ofte sjablongmessige reaksjonar, dikta opp av slike som berre har opplevd stor dramatikk på film eller i litteratur. Slik er det heldigvis ikkje i den nye romanen til Bror Hagemann. Der møter me Åshild Brekka som ein morgon får politiet på døra med melding om at mannen hennar, presten Per Louis Smedsrud, er funnen død i Akerselva. Reaksjonsmønsteret hennar etter dette er av det uvanlege slaget.
Politibetjenten oppfattar Åshild som avvisande, og når ho etterpå ringjer til kona til ein kamerat av ektemannen, seier ho ingenting om dødsfallet. Seinare syner det seg at også denne kameraten har sett livet til i Akerselva, på same tid som mannen hennar. Ho møter etter kvart på fleire kjenningar, men framleis teier ho om det vesentlege, og gjer det så vanskeleg for seg sjølv at det vert ubehageleg for lesaren, men dette ubehaget er også ein motor i teksten, og ein forstår at den uvanlege handlemåten har samanheng med personlegdomen til Åshild.
Utfordring
Vidare er me mest med Åshild, og får tilgang til tankane hennar. Her får me ganske snart vita at presten hadde eit stort og aukande alkoholproblem, noko han sjølv ikkje var viljug til å innsjå. Åshild kastar seg uti noko som mest av alt liknar flukt, men det er som om ho har mannen sin med seg, ho er i ein indre dialog med han, og litt etter litt kjem det fram viktige detaljar både frå samlivet mellom dei to og frå livet hennar før dei kom i lag.
Mora var sytten då Åshild kom til verda, og ute av stand til å ta seg av dottera. Me får vita at denne mora, Kajsa, var ei uroleg sjel som ikkje kunne halda fast på noko, og som tok livet av seg då Åshild var tolv. Ordet sjølvskading kjem så vidt til syne ein stad i bakgrunnen av alt, og det høver med reaksjonen til Åshild. Men når ho gjer det unaudsynt vanskeleg for seg sjølv, representerer ho også ei utfordring for forfattaren, og det er just ved denne utfordringa at den litterære verdien av romanen aukar.
Truverd
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.