Teater
Skrømt og dans i Gripes rike
Godt rollespel er grunnmuren i litt for stilisert Maria Gripe-dramatisering.
Gripes teaterstykke er ei blanding av «vanleg» teater og danseteater.
Foto: Øyvind Eide
Svenske Maria Gripe har i over femti år vore ein av Nordens mest elska barnebokforfattarar. Med smarte grep har ho kunna gje det kvardagslege eit stenk av magi, ho har elegant handsama knepet med den kinesiske øskja – historier inni historia – og har fortalt oppløftande om einsemd som kjelde til sjølvstende og styrke.
Som kvinneleg forteljar tek ho på sett og vis opp arven etter både Astrid Lindgren og Selma Lagerlöf. Agnes Cecilia er avgjort ei av dei mest populære bøkene. I sceneversjonen som Nationaltheatret no spelar, merkar vi fort den karakteristiske skrivekloa, men òg den sårbare akilleshælen som mest alltid vil finnast i dramatisering av ein roman: Ting må til dels forenklast, og ikkje alt kan kome med. Og forteljingane til Gripe er ofte detaljrike og innfløkte.
Overtydande
Teaterallkunstnaren Erlend Samnøen, som har både dramatisert, regissert og koreografert stykket, har lagt opp framsyninga som ein kombinasjon av «vanleg» teater og danseteater.
Dei som opptrer, er gode, dei klarer langt på veg å skape heile, overtydande rollefigurar i dette grenselandet. Ikkje minst har Monica Dybwad ein sterk og sjarmerande appell som hovudpersonen Nora.
Fortid og notid
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.