Skrap i skyeneDwayne «The Rock» Johnson kan berge mykje, men ikkje denne slappe storfilmen.ActionRegi: Rawson Marshall Thurber
Dwayne «The Rock» Johnson kan berge mykje, men ikkje denne slappe storfilmen.
Will (Dwayne Johnson) skal sikre den høgaste og tryggaste bygningen i verda i Hongkong, men får utfordringar.
Foto: Universal
Tidlegare FBI-agent Will (Johnson) driv eit lite firma for tryggleik etter at han miste beinet i ein gisselsituasjon. Han møtte kona (Campbell) på operasjonsbordet. To vakre barn fullfører familieidyllen. No skal Will sikre den høgaste og tryggaste bygningen i verda i Hongkong. Før du veit ordet av det, er familien fanga høgt oppe i den brennande skyskraparen saman med vonde skurkar. Will vil vonleg berge dagen.
Svimlande stort
For ein vertikalt utfordra meldar med ein god porsjon høgdeskrekk har Skyscraper ein del enormt ekle scener der helten dinglar høgt i sky. Då blir ein lett sveitt i nevane sjølv om ein veit korleis det går. Eg røper neppe for mykje om eg seier at ein brøkdel av eit sekund og eit par millimeter ganske ofte held til å kaste seg på trygg grunn.
Helst heng Will på utsida av bygningen, slik at media kan følgje dramaet. Publikum på gateplan sitrar av spenning medan bygningen brenn minutt for minutt. Filmen er ikkje i nærleiken av smart nok til å kritisere at eit drama om å få eit knippe folk ut av ein utilgjengeleg stad, stel heile mediebiletet. Studioet vil berre sikre nok klikk. Både innspelingsstaden og stjernegalleriet på rollelista er motiverte av økonomiske dynamikkar i den globale filmverda i dag. Her gjeld det å få flest mogeleg til å sjå ein storslagent middelmåtig actionfilm.
Manisk manus
Regissør Rawson Marshall Thurber har vore kjend for populære komediar sidan debuten Kanonball: en film med baller i 2004. I Central Intelligence hadde han òg med Johnson i hovudrolla. Skyscraper, derimot, er ein rein actionfilm. Her finst ikkje ein einaste morosam augneblink, sjølv om eg anar eit par forsiktige forsøk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.