Bok

Skråblikk

Det finst mange gode tilløp, men ingen lange hopp hos Joakim Kjørsvik.

Joakim Kjørsvik skriv både komisk og tragikomisk.
Joakim Kjørsvik skriv både komisk og tragikomisk.
Publisert

«Hvor mange av de jeg husker, har glemt meg?», står det på side 141 i Joakim Kjørsviks nye bok, der alle minus to forteljingar startar med «Jeg husker…». Etter å ha lese gjennom 148 sider og 90 forteljingar kan ein alltids spørje kor mange ein hugsar, ikkje berre av personar, men også av innhald og substans.

Utgangspunktet for Kjørsvik er livet hans og folk han har sett og møtt frå langt tilbake i barndom, oppvekst og fram til dagen i dag. Når Kjørsvik er fødd i 1978, gir dette eit spenn på godt og vel 30 år. Framstillinga er skisseaktig, rapsodisk og ukronologisk, og løftar fram episodar og minneglimt som i mange tilfelle lener seg mot vitsen og anekdoten med ei pussig og surrealistisk perspektivforskyving som sprengjer rammene for tid og rom. Dermed oppstår det ein spesiell energi som baserer seg på det uventa og overraskande. Når dette blir krydra med humor og eit skrått blikk på tilværet, blir det til tider både underhaldande og poengtert.

Presise portrett

Dei 90 forteljingane varierer frå rundt fire sider og ned til ei linje, for eksempel på s. 56: «Jeg husker Theodor, den kødden.» Om denne linja skal passere som forteljing, må ein strekkje sjangeromgrepet lenger enn langt, og denne utfordringa av sjangeren finn ein fleire eksempel på når formatet blir redusert til tre–fire linjer. Ernest Hemingways vidgjetne novelle på seks ord (For sale: baby shoes, never worn) er det ein bør måle seg mot, og Kjørsvik er ikkje heilt der i komprimert spenning og ein avgrunn av undertekst.

Likevel er det mykje å gle seg over når Kjørsvik rissar opp korte og presise portrett av folk han har sett og møtt. Det er barndomsvenner, arbeidskollegaer, kjærastar, tilfeldige møte rundt omkring på reiser, medsoldatar frå militærtenesta; i det heile tatt, det er eit album å bla i for fleire enn den næraste omgangskretsen.

Komisk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement