Bok
Skjørt og poetisk
Grete Fatima Syéd greier ikkje heilt å lande den skjønnlitterære debuten sin.
Grethe Fatima Syéd har skrive ei historie om ei mor og ein son.
Foto: Paal Hoff
Grete Fatima Syéd debuterer skjønnlitterært med Eventyr for voksne, lansert som sjangeren roman utan å ha dei tradisjonelle kjenneteikna som ytre handling, miljøskildring og personteikning innanfor ei ramme av tid og stad. I staden nærmar ho seg det prosalyriske i ei fragmentarisk og springande historie som synest å handle om ein gut som ventar på at mora skal komme heim frå jobb, frå korøving eller kor ho måtte vere.
Persongalleriet er lite og utydeleg, men vi får høyre om mora og ein mann som får bu i husværet utan at mora er kjærast med han. Elles får vi korte glimt av Eva-Lisa, jamgammal med guten og den einaste som har namn. Guten har eit namn som startar med A; meir får vi ikkje vite. Ein mann med berre éin arm er også innanfor synsfeltet til guten.
Fantasi
For det meste er vi inne i husværet saman med guten som står ved vindauget og kikkar ut og tenkjer på slikt ein tiåring vil tenkje på, ikkje pubertalt, meir barnsleg og med ein god porsjon fantasi kring kongar og dronningar, fuglar og dyr. Boka opnar da også som eit eventyr: «Det var en gang// Det var en gang/ at alt begynte/ Alt begynte/ en gang// Og dette/ begynner nå.» Dette fyller dei tre første sidene. Mot slutten dukkar dette opp igjen, nesten identisk: «Det var en gang// En gang/ var det/ Alt var/ en gang.»
Guten liker å sparke fotball, men han har sparka bort ballen sin, og da blir det litt stussleg. Elles liker han seg under dyna med den lommelykta han fekk til jul. Der kan han lese teikneseriehefte og drøyme seg bort. Men om natta er det nokon som går på loftet, og mannen som mora har tatt inn i huset, ligg ein dag livlaus på sofaen med pillebrettet på salongbordet. Men guten gjer ingen ting: «Han sto i vinduet og så.» «Jeg var ti år og sto i vinduet.» Det er same forteljarinstans, men han vekslar mellom eg-form og tredje person. Det er ein måte å distansere seg på, og det er ganske gjennomført.
Krevjande
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.