Skjemt og alvor

Linda Eide var å sjå ved fleire av arrangementa under årets festspel, der ho stilte med einmannsshowet Meirfiksjon, leia samtalar og gav oss lett underhaldning i målbaren på nattetid. Blei det for mykje Eide-sprell? På ingen måte. For dei av oss som har fylgt ho gjennom mange år, er det berre å slå fast at ho blir stadig betre. At ho er ordhitten og morosam, er éin ting. Det er det fleire som er. Men det som gjer henne spesiell, er måten ho blandar skjemt og alvor på – det ligg alltid ein alvorleg grunntone under, og det er denne miksen som gjev det komiske djupn.
Vel tek ho stor plass på scena som samtaleleiar, men samstundes får ho fram det beste hjå samtalepartnarane. Det er elles éin ting som plar gå igjen hjå henne, og det er å dra fram blokkfløyta – uansett om det er på seine kvelden med Herborg Kråkevik eller etter kyrkjekaffien med Oslo-biskopen Kari Veiteberg.