Film

Skiten glans

Malou Khebizi herjar i kraftfullt fransk debutdrama om influensardraumen.

Malou Khebizi spelar influensaren Liane.
Publisert

Liane (Khebizi) er eit fyrverkeri. Nittenåringen kavar frenetisk rundt og stel parfymar, minnepinnar og andre småting som ho sel. Men mest legg ho ut videoar og bilete av seg sjølv på Instagram og TikTok i von om å gjere det stort som influensar.

Den blakke mora (Bescond) er skeptisk. Samtidig utforskar Liane vennskapen med Dino (Azougli), som ho var på barneheim med for mange år sidan. Ei casting for realityshowet Miracle Island i Miami gjev von om ei luksuriøs framtid.

Fulle mugger

Malou Khebizi er rå i hovudrolla. Med nevrotisk intensitet rasar ho rundt. Ho gjev alt og er hjarta som held pulsen i filmen oppe. Kjapp klipp og rastlaust kamera bidreg. I tillegg til passande populærmusikk kjem stundom ein einsleg, jagande strykar signert komponisten Audrey Ismaël som ei sint humle som flakkar kvilelaust.

Avdelinga for sminke, kostyme og rekvisita heng òg med. Stilen til Liane er vill. Eit par glansbitar ekstra å lime på stilettskoa kjem godt med. Tjukke lag med sminke, eit stoff sprøyta i leppene og store dosar silikon i brysta må til. Spraglete naglar tek kaka.

Innverknad

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement