Skeiv ungdom i A4Love, SimonDramaRegi: Greg BerlantiLove, SimonMed: Nick Robinson, Katherine Langford, Alexandra Shipp

Love, Simon er ein streit ungdomsfilm om å kome ut av skapet.

Simon (Nick Robinson) er ein privilegert ungdom som er på veg ut av skapet i USA.
Simon (Nick Robinson) er ein privilegert ungdom som er på veg ut av skapet i USA.
Publisert

Simon (Robinson) er ein privilegert ungdom i USA med ein massiv løyndom. Han er homofil. Gjengen hans er i så måte perfekt. Livet midt i den amerikanske draumen er trygt og fritt. Den eine opent homofile guten på skulen har stor støtte. Språkleg feiar han golvet med dei få gutane som tergar han. Likevel er det hardt. Heterofile må ikkje stå fram. Streit norm kjennest så normal at terskelen er høg.

Likskap

Love, Simon er i all hovudsak lik dei fleste filmar frå USA om ungdom på high school. Alt er profesjonelt pakka inn. Ein forstår stort sett kor ferda går. Innpakninga sømer seg mest for eit ungt publikum. Mange har nok godt av å få enkelt forklart at vegen ut av skapet er vanskeleg sjølv for prikkfrie plakatgutar frå overklassen i USA. Om ein sjølv stussar på å sjå ut skapdøra eller brukar «homo» som skjellsord, er Love, Simon kanskje rett medisin.

Det er ein sympatisk gjeng vi følger. Ei scene der Simon opnar seg for ei venninne, er fin. Humoren har sine artige augneblinkar blanda med bommar. Avslutninga fungerer. Bodskapen frå slagordet til filmen er flott: «Alle fortener ei kjærleikshistorie.» Regissør Greg Berlanti får fint fram at mange gjer dumme ting i trengde situasjonar. Slik er vi alle like. Stundom skrantar sympatien med Simon, men vi forstår kor viktig det kjennest å halde skapdøra stengd sjølv i omgjevnadar 99 prosent av verdas skeive vil misunne.

Liberalisme

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement