Bok
Skam og skuld i skuggen av krigen
Shūsaku Endō syner seg som ein framifrå forteljar.
Denne romanen av Shusaku Endo er basert på verkelege hendingar.
Foto via Wikimedia Commons
Romanen Havet og giften kom ut i Japan i 1957, og ligg no for første gong føre på norsk. Boka byggjer på faktiske hendingar, nemleg medisinske eksperiment som japanske legar gjorde med krigsfangar på 1940-talet.
Boka byrjar med ein eg-person som saman med den gravide kona si har flytta til eit bustadområde utanfor Tokyo. Der oppsøkjer han ein lege for det han kallar blåsebehandling. Denne legen, dokter Suguro, er ein mutt person som forteljaren tykkjer det er eitkvart rart med. Ved eit tilfelle får han vita litt meir om legen, og deretter er me ei stund inne i fortida til Suguro, som turnuskandidat ved eit sjukehus på 1940-talet, medan krigen rumlar og rasar utanfor.
Maktkamp
På sjukehuset er det intrigespel og maktkamp, dekanen er nyleg død, og dei øvste i det medisinske hierarkiet knivar om å verta dekan etter dekanen. Etter ein katastrofal operasjon utført av ein av kandidatane, kjem sjansen til å setja store medisinske spørsmål på prøve ved moglege viviseksjonar av krigsfangar som var dømde til døden korso. Suguro, som berre skal assistera ved slike inngrep, eller brotsverk, kan i teorien nekta, men han veit nok at det ikkje vil gagna karrieren hans.
Eigne kapittel tek føre seg delar av livet til eit par av dei andre som tek del i ugjerninga, sjukesyster Ueda, og legen Toda, og forfattaren tek seg tid til å skildra dei levande og truverdig i første person, frå ulike miljø, men på ein slik måte at lesaren får eit sterkt inntrykk av japansk kultur, sosiale skilnader og kolonimakt før atombombene.
Det er i forteljingane, skildringane av miljø at forfattaren gjer det aller sterkaste inntrykket. Her er alt levande, så effektivt og rikt på same tid. Det som ser ut som ei alminneleg setning, inneheld ei stor mengd opplysningar, som her, når dokter Toda fortel om skulen han gjekk på: «I dag ligger skolen midt i et stort boligfelt, men den gangen var den omgitt av gårdshus og purreåkre gjennomskåret av jernbaneskinnene til Hankyū-banen.» Ved å ha med meir enn det naudsynte vert teksten meir truverdig, ein er aldri i tvil om at dette er minnet til dokter Toda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.