Bok
Skam og skrift
Steen skriv om drepande skamkjensle.
Bøkene til Thorvald Steen er omsette til fleire enn 20 språk.
Foto: Trine Hisdal
Kven kan setje seg til doms over kva for liv som er verdt å leve? Med utgangspunkt i eiga historie tok Steen først opp denne tematikken i Det hvite badehuset frå 2017. Skamma over å ha ein arveleg sjukdom i familien rammar dei sjuke familiemedlemene så hardt at dei blir fornekta og utstøytte. Generasjonane etter sit att med eit nett av løgner og må drive reine detektivarbeidet for å vikle sanninga fram.
Det blir ikkje lagt skjul på at utgangspunktet er Thorvald Steens eige liv og familiehistorie. Steen er ein erfaren forfattar og unngår å gi lesaren kjensla av at vi er i det påtrengande private, tematikken blir løfta og blir ålmenn. Det kan likevel verke som forfattaren tok ut det største sprengstoffet i den første romanen sin om dette temaet.
Anatomi og litteratur
Byrjinga av romanen går rett på sak, på sjukdomen. Eg-personen blir oppsøkt av legen sin og får eit skremmande ultimatum: For å få halde fram med vere aleine heime, altså leve eit for han fullverdig og sjølvstendig liv, må han bevise at han framleis kan kome seg frå senga og over i rullestolen ved eiga hjelp. Elles trugar institusjonslivet.
Dette spenningsmomentet driv handlinga framover. Korleis den sjuke opplever sin eigen kropp, blir skildra utan sentimentalitet – nokre stader tørt og nøkternt, andre stader mot det poetiske. Det er interessant og gripande lesnad og utgjer dei beste sidene i romanen. Eit fall blir skildra langsamt og ned på mikronivå, sekund for sekund, og endar slik: «Jeg hører hodet lande ved høyre tinning. Det kunne vært en skyskraper, et tre, et stupetårn. Det er meg. Hjertet slår sitt tredje slag.»
Det andre som driv spenninga fram, er knytt til sjukdomen og familien. Mora til eg-forteljaren ligg på det siste med langtkomen kreft. Vil ho røpe den siste familieløyndomen før ho takkar av? I nokre intense dagar i ei påskehøgtid går eg-personen stadig tettare og meir insisterande på den sjuke mora. Han vil og må vite, men ho unngår i det lengste å opne seg. Korleis ho nektar å stire sanninga i kvitauget, sjølv om livet ebbar ut, er sterkt. Likevel blir det litt for tydeleg at det skal vere sterkt. Dialogane har noko kunstig og stivt over seg, og mora er framstilt eindimensjonalt og tvers gjennom usympatisk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.