Teater

Skal Gud få nobelprisen?

Monoteater om tru kontra vitskap vert meir kåseri enn teater.

Svein Tindberg tek for seg tru mot vitskap.
Svein Tindberg tek for seg tru mot vitskap.
Publisert

Tospannet Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen har gjennom år no sett fokus på det religiøse livsaspektet i ei opplyst tid, med framsyningar bygde på historisk forkynnande materiale. Førre produksjonen, Abrahams barn, var ei utforsking på kor samsvarande eller ikkje samsvarande dei ulike religionane er.

No har dei laga nok ein monolog for Tindberg, som set spørjeteikn ved kor samsvarande eller ikkje samsvarande det er å tru på vitskap og/eller guddom. Utgangpunktet for tittelen er oppdaginga av det såkalla bosonet, partikkelen som er mindre enn atomet og dermed opphav til all materie. I visse samanhangar er dette fenomenet halde som ei endeleg samansmelting av guddom og vitskap. Men kva så?

Funderingar

Denne gongen er det ikkje snakk om dramatisering av religiøse skrifter. Svein Tindberg kjem inn i ein dekorativ haustfarga scenografi, med mellom anna ein sjeselong og eit uttørka tre pynta med ein raud flosshatt. I denne ramma, utan å bruke scenografien noko særleg, snakkar han til oss om dilemmaet med å vere rasjonalist og samstundes lengte etter heilagdom.

Innimellom funderingar på korleis dei nobelprisvinnande vitskapsmennene Bohr, Einstein og andre har påverka verdshistoria, gjev Tindberg oss tilsynelatande heilt personlege syn på korleis eit vanleg menneske, eller ein skodespelar, kan sjå på alt det uløyste. Eit nøkkelspørsmål han stiller seg, er: Viss det ikkje fanst noko som helst, ingen ting, før the big bang, kva var det då som eksploderte?

Utfordring

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement