Skadeverk, hovudverk, regelverk
Brit Bildøen har skrive ein sterk roman om den einskilde som offer for det rigide regelverket.
Brit Bildøen debuterte med ei diktsamling i 1991 og har seinare skrive barnebøker, romanar og essay.
Foto: Tove Breistein
Med lov skal landet vårt byggjast, og ikkje med ulov øydast, heiter det i Frostatingslova, og det lyt ein vel kalla eit fornuftig prinsipp. Men det hender at lova, når ho femner vidt, klemmer sund somme av dei ho skal verna. Noko slikt handlar den nye romanen til Brit Bildøen om.
Ulike synsvinklar
Boka vekslar mellom ulike synsvinklar og tidsrom, under vignettane Kroppen, Staten og Eksilet. I tekstane under Kroppen får me vita om eit par som har søkt om å få adoptera eit barn frå Kina, dei har stått på venteliste i fire år og under ventinga passert aldersgrensa for adoptivforeldre, men denne grensa er ikkje absolutt, forskriftene seier at det skal ei totalvurdering til, av helse og andre tilhøve, før ein kjem fram til ei endeleg avgjerd. Paret opplever at det knapt nok vert gjort noka vurdering i det heile. Dei ankar avgjerda, og får hjelp av ein advokat som finn eit godt uttrykk for det som har skjedd i denne saka, nemleg at Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, det øvste organet i Bufetat) har standardisert skjønnet, det vil seie at dei flytande grensene er nytta som absolutte og ubrigdelege. Såleis vert naturlegvis sakshandsaminga lett for direktoratet, men tilsvarande tung for dei som vert råka av avslag.
Tekstane under Eksilet handlar om ei kvinne, i første person, som har hamna for seg sjølv, etter mange år. Ho har ein jobb på ein stasjon for merking av trekkfuglar, og ho bur i nærleiken av ein gamal kjærast, Olov, men livet hennar skal visst no med gruvling over det tapte øydast, og ikkje med Olov byggjast. Ho har ein hund, og ho har det ikkje så godt. Ein forstår litt om litt at det er same kvinne under båe vignettane, og også den same me møter ved den tredje, Staten. Her er ho det ein på engelsk kallar ein stalker, ein som luskar på, legg seg etter og plagar einkvan annan.
Overtydande skildring
Sakshandsamaren i adopsjonssaka er Staten, og kvinna klarer å komma seg inn i huset hans når han ikkje er der. Der gjer ho ein del ugagn, ho øyder eitt og anna med ulov, og ein forstår at det vert ei slags tvangshandling for henne, noko ho både vil og ikkje vil gjera. Det er svært godt og overtydande skildra, ikkje at ambivalensen hennar er påtrengjande, men han er no der, saman med hemnlysta. Staten er personifisert ved denne eine personen, men sjølv om me ikkje kjem nær han, ser me han også som eit menneske.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.