Teater
Sjølvmordaren Hedda lever vidare
Heftig spel framhevar det tidlause i 1890-talsklassikaren.
Ingrid Unnur Giæver spelar hovudrolla som Hedda Gabler.
Foto: L-P Lorentz
Hedda Gabler er eit av dei oftast spelte Ibsen-stykka, og tittelrolla er ein ønskedraum for mange (kan hende dei fleste) kvinnelege skodespelarar. Om ein ikkje er fortruleg med det frå før, kan det nok ta litt tid å skjøne kva tilhøve som har skapt det destruktive i Heddas sinn og åtferd. Difor skal ein fare varleg fram med omsyn til strykingar, både av tekstpassasjar og persongalleri. Den framsyninga som no er på vegen med Riksteatret, har gjort nokre djerve grep med teksten. Dei kan diskuterast, men dei er ikkje uinteressante.
Scenebiletet er eit knallraudt venterom (?) som er sparsamt møblert. Det ser på sitt vis flott ut, men gjev samstundes eit litt desorienterande inntrykk. Er dette den erkeborgarlege heimen som Hedda skal keie seg så grueleg i? Skodespelarane må somme tider setje seg på golvet eller på huk når dei skal ta plass, av mangel på sofa og stolar. Alle personane utanom Hedda snakkar kvar sin breie dialekt. Berre ho nyttar polert bokmål. Om det er tilsikta, veit vi ikkje, men faktisk gjev dette ei differensiering i status, som hjelper oss på veg til å sjå både det overlegne og det einsame i Hedda som person. Så langt OK.
Indre naud
Bipersonane som er strokne frå originalen, tante Julle og tenestejenta Berte, er miljøforsterkande brikker som gjer det ufrie i Heddas levekår lettare forståeleg, og likeins verre å skjøne når dei er borte. Så her er spørsmålet: Kva er det med denne kvinnelagnaden regissøren har søkt å ljossetje som aktuelt for notida? Ei norsk kvinne har jo ikkje så avgrensa sjansar i samfunnet som dei kvinnene Ibsen skreiv om på 1800-talet. Men indre naud kan oppstå like fullt hjå oss velfødde folk i eit rikt land. Kan hende er problemet at alternativa er for mange?
Om vi ikkje vert heilt visse på tanken bak regiløysinga, ser vi likevel endå ein gong kor godt handterleg materiale Ibsen-rollene er for skodespelarane. Trass i at dialogane nokre gonger er skorne vel langt inn til beinet, har alle dei fem rollefigurane klår profil og ryggrad. Eivind Nilsen Salthe har som Brack ei spennande uro i seg bak ei slesk maske. John Emil Jørgensrud er ein overtydande undergangsdømd Løvborg. Kristine Hartgen er spontan og uforferda som Thea Elvsted, eit skarpt kvinnemotstykke til Hedda. Khalid Mahamoud har ein overraskande ro som Tesman, ikkje så barnsleg og professordistré som han ofte vert spelt som, men med eit servilt fråvær som og pregar Hedda.
Temperatur
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.