Bok

Sjølvmordar og skjemtegauk

Etter 65 år er Tor Jonssons Dikt i samling endeleg utvida – med 50 «nye» dikt.

Tor Jonsson i 1950, vel eit halvt år før han døydde i januar 1951.
Tor Jonsson i 1950, vel eit halvt år før han døydde i januar 1951.
Publisert

Nok ei papirutgåve av Tor Jonssons dikt? Ja, ein av dei mørkaste diktarane våre er ein av dei mest folkekjære òg. På dei 70 åra som er gått sidan lyrikaren og journalisten tok livet av seg, 34 år gamal, har Dikt i samling og Dikt i utval kome i uvanleg mange utgåver og opplag. Folkekjær har han vore heilt frå debutsamlinga Mogning i mørkret (1943), som fekk lite merksemd i litterære krinsar, men som selde godt.

Biologisk einsemd

Folk likte dikta, ikkje av di dei var ljose og lette, som dei jo ikkje er, men skrivne i eit enkelt og rakt språk, utan pynt, «ein naken og maskulin stil utan for mykje estetisk utmåling, men beint på sak», som Tore Ørjasæter skreiv i etterordet til den fyrste samleutgåva, «og eit rotsaftig mål har han, som gjev stilen sevje og fruktbar kraft. Hans lyrikk er mandig og samantrengt».

Den stutthogne skalderytmen høvde med klassemedvitet. Fraseringa og ordbruken er like enkel og brutal som husmannskåra han kom frå. Språket er kvardagsleg og moderne, men i ei tradisjonstung og gamal form. Trass i enderima er dikta hans ofte like lite syngjande som eit skaldekvad. At han likevel er så mykje tonesett, kjem av aktualitet, kvalitet og popularitet.

Motiva er ikkje mindre moderne i 2021. Dikta uttrykkjer psykologisk og biologisk einsemd, ulevd liv og daude. Einsam er han òg i den diktarlege tilnærminga til dauden, ikkje som uvilja sjukdom eller aldring, men som eit vilja alternativ til livet.

Dikt i samling kom i 1956, då Jonsson ville ha vore 40 år, og alt i den utgåva var det rom for kronologisk ordna «Lause dikt». Dei fleste av dei skriv seg frå dei siste par åra han levde. Somme av dei låg uprenta att etter han, somme av dei hadde vore prenta i anna form enn i bok.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement