Musikk
Sjeldsynt lytting
Fragaria Vesca spelar Olav Kiellands ukjende kammermusikk.
Dirigenten Olav Kielland (1901–1985) var også komponist.
Foto: Esther Langberg
Namnet Olav Kielland figurerer i dei fleste biografiane om norske 1900-talskomponistar. Som ein av dei viktigaste dirigentane i mellomkrigstida urframførte han ei mengd symfoniske verk, ofte i nært samarbeid med komponistane. Frå 1931 til 1945 var han sjefdirigent for dagens Oslo-filharmonien, og etter krigen for symfoniorkestera i Bergen og Trondheim. Men han var ikkje berre ein reproduktiv musikar. Alt i ungdomstida i Trondheim skreiv han eigne verk.
Produksjonen blir dokumentert på kammermusikkalbumet til Fragaria Vesca, eit ensemble leidd av Tor Johan Bøen, ein allsidig fiolinist og hardingfelespelar, som dessutan er skrivefør.
Plata syner oss ein søkjande kunstnar. Med utgangspunkt i mellomeuropeisk seinromantikk freista han kring andre verdskrigen å fornya seg gjennom eit neoklassisk, folkemusikalsk farga tonespråk. I 1960-åra kom så harmonisk friksjonsrike stykke i fritonal stil.
Banale innslag
Det dokumentariske preget til plata syner seg i at også somme historisk-biografisk relevante, men estetisk uinteressante stykke er med. Eg tenkjer her særleg på sukkerklumpar som Air og Serenade i F-dur for fiolin og klaver, som med fordel kunne vore utelatne. Desse tidlege verka utan opusnummer er estetiske absurditetar andsynes den grundig utarbeidde Strykekvartett, op. 22 (1964), Tvileikar, op. 19 (ca. 1954), og ikkje minst det som har gjeve albumet namn: Melodia per strumenti a corda, «Her vil eg kvile», op. 15b (1946).
Førromantisk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.