Bok

Sjarmerande potetentusiasme

Boka om poteten er vakker og solid, med godt handverk i eit hendig format.

Fargerike knollar frå Andesfjella: poteter, oca og ulloco.
Fargerike knollar frå Andesfjella: poteter, oca og ulloco.
Publisert

Å møte ein entusiast personleg kan vere ei blanda oppleving. Høgrøysta, insisterande og blind for alt anna blir entusiasten lett ei plage. Å møte ein entusiast gjennom ei bok er derimot ofte ei positiv oppleving. I beste fall blir vi rivne med av entusiasmen, og vi får både spennande detaljar og eit praktisk og stort overblikk. Det er bøker vi kan vende attende til ved behov og bruke som oppslagsverk. Kva hadde vel sakprosaen vore utan entusiastane, ofte ein sjølvlærd amatør som kan bruke år på å fordjupe seg i eit trongt tema – noko ein statstilsett vitskapsmann sjeldan har høve til.

Marianne Berg, agronom, tidlegare bonde, med ein universitetsgrad i religionshistorie, har teke for seg poteten. Det er eit stort område, og eit kvardagsleg tema mange av oss veit ein del om. Kanskje kjem difor nokre til å gå forbi denne boka, men dei som fyrst tek til å lese, er snart fanga. Entusiasmen er sterk nok til å halde på lesaren.

Boka er delvis lagd opp som ei nyjournalistisk reise med reportasjar, men med solid kunnskapsformidling innimellom. Det er spesielt at det er lagt så stor vekt på opphavet til poteten i Sør-Amerika, og at så mykje av boka blir brukt til å fortelje kva som skjedde og skjer der.

Her kjem dei som steller med potetar til dagleg, og som er i bransjen, også til å finne mykje nytt og interessant stoff. For dei som har kunnskap som tek til å bli noko gammal, er boka også eit godt høve til å bli oppdatert når det gjeld organisering, mattryggleik, sortutvikling og dei ofte vanskelege spørsmåla rundt moderne genmanipulering. Dei som berre har høyrt om pimpernell, beate, asterix og mandelpotet, kjem til å bli overraska. At vår tradisjonelle matpotet har så mange nære slektningar som også kan brukast til mat, er nok også relativt ukjent – og det er slett ikkje berre snakk om søtpotet.

Kom med spanjolar

Berg argumenterer sterkt for at det var spanjolane som tok med seg poteten til Europa, og meiner det er heilt ufortent at sir Francis Drake nokre gonger har fått æra for dette. Det vi veit sikkert, er at kong Filip II hadde fått tak i nokre knollar som han sende til pave Pius IV i Roma i 1565. Og alt i 1584 var planta ålment kjend som taratouffli i Italia.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement