Teater
Sjarmerande om å høyre til i ein by
Dyktige skodespelarar tolkar tekstar om å bu i Stavanger. Men fem kvarter utan handling blir i lengda monotont.
Frå venstre: Penda Faal, Marianne Holter, Amund Harboe og Kaleb Isaac «Isah» Ghbreiesus.
Foto: Stig Håvard Dirdal
Vi tok bussen over byøyane inn til Rogaland teater for å sjå urpremieren på stykket Hvis byen lyser. Eg sa: «Sjå, så fint han lyser, byen vi bur i.» Mannen min nikka – ja, det er ein fin by. Eg svara: «Men då vi flytta hit for 38 år sidan, ante vi ikkje at vi skulle bli buande så lenge.»
I teatersalen vart eg overrumpla av korleis monologane frå sju skodespelarar stemte med mi oppleving av det å bu i Stavanger: Her helsar folk kvarandre med «Ja vel?» når dei møtest. Byen er passe stor, ligg ved ein fjord og har utsyn til fjell. Han har eit fotballag, eit ølmerke, ei domkyrkje, eit konserthus og eit teater.
Eg hugsar kor einsamt og vanskeleg det var dei første åra. Innflyttarar frå Oslo brukar gjerne lang tid på å få vener og slå røter på Vestlandet. No er vener og røter på plass. Her høyrer vi heime.
Intervju
Einsemda og lengten etter fellesskap har manusforfattarane Mattis Herman Nyquist og Fredrik Høyer greidd å trekke ut av 500 timar med intervju dei har gjort med menneske busette i Stavanger.
Skodespelarane løftar fram episodar frå ganske ordinære kvardagsliv, som å sjå Viking tape 0–4 mot Brann, våge seg inn på ein pub og kome i snakk med eit ukjent menneske, og få kontakt med ein fyr som jammen er frå Stavanger, han òg, når ein er på tur til Antwerpen. Eller innsjå at tida har gått og byen har endra seg. For lenge sidan var Stavanger ein liten fiskarlandsby, no er han ein by med nyrikingar som har råd til Porsche og Canada Goose-jakke til 14.000 kroner.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.