Film
Sjå og høyr
Lyden av målretta massakrar gjer sterkt inntrykk.
Filmen til Kaouther Ben Hania tek for seg naudsamtalen frå seks år gamle Hind Rajab, som var fanga i ein bil på Gaza 29. januar 2024.
Foto: Arthaus
Historia til Hind Rajab er kjend. Femåringen snakka med naudsentralen til Raude Halvmåne i lang tid medan ho sat i ein bil med daude slektningar i Gaza by 29. januar 2024. Ho trygla om å bli redda.
Opptaka kom ut. Desse er navet i filmatiseringa om dei som hadde telefonvakt for Raude Halvmåne den dagen dei snakka med Hind.
Film frå fronten
Den tunisiske regissøren Kaouther Ben Hania vekslar mellom dokumentar og fiksjon. Ho meistrar båe tradisjonar, gjerne i same film. Ben Hania er i front globalt innan hybridfilm. Sist veke blei ho nominert til Oscar for beste internasjonale film for Hind Rajab – stemmen fra Gaza. Frå før har ho ein nominasjon for beste dokumentarfilm for Olfas døtre (2023), der skodespelarar bidrog til å snakke om vegen unge kvinner gjekk til IS.
I Hind Rajab – stemmen fra Gaza blandar ho dei ekte lydopptaka med spenningsstil à la det feministiske melodramaet hennar Beauty and the Dogs (2017). Den komplekse The Man Who Sold His Skin (2020) diskuterte vanskelege dilemma med migrasjon og kunst i fokus. Ben Hania har blikk og engasjement for saker som brenn. No har ho laga sin mest direkte film. Uttrykket er enkelt og effektivt. Skodespelet er solid. Nerven kjem frå stemma på telefonen.
Barnestemme
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.