Film

Siste ferd

Krigsfotografen Harald Henden blir hylla i ein fin film som følgjer han på veg mot døden.

Krigsfotografen Harald Henden døydde av kreft 63 år gammal.
Publisert Sist oppdatert

Harald Henden var ein norsk bauta som pressefotograf. Han var ofte på plass med linsa i krigssituasjonar. Etter at han fekk kreft hausten 2023, gjorde han som mange andre hadde gjort før han, som han så fint seier.

I ein tung situasjon lét han regissør Rune Denstad Langlo rette kameraet mot han sjølv. Resultatet er ein dokumentarfilm som er tett på Henden den siste tida.

Flust av foto

Henden var tvillaust ein mann som kunne handverket sitt. I opninga av filmen Henden – rekviem for en fotograf hevdar han å ikkje vere nokon kunstnar med kamera, men ein som ofte var på rett plass til rett tid. Som krigsfotograf ligg mykje av talentet der, noko eit sitat Henden nemner frå legendariske Robert Capa, òg viser. Ein må tett på.

Dokumentarfilmar om krigsfotografar er nærast ein eigen sjanger. Dei siste åra har fleire solide portrett dukka opp. Frå War Photographer (2001) av Christian Frei via Hondros (2017) av Greg Campbell til Never Look Away (2024) av Lucy Lawless. Dei er ofte fulle av action. Jamvel spelefilmar har suksess. Anten det er Lee (2023) av Ellen Kuras eller vår eigen Erik Poppe med stjerna Juliette Binoche i Tusen ganger god natt (2013).

Rune Denstad Langlo står bak spelefilmar som Nord (2009) og Welcome to Norway (2016) og har hatt regi på seriar som Frikjent (2015), men også på den korte dokumentaren Norsk hodepine (2021) om ei klimarettssak mot den norske staten. Engasjementet er tydeleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement