Musikk
Siste blues før våren
MF Tomlinson flyttar inn i hovudet mitt med musikken sin.
MF Tomlinson kjem frå Australia og bur i London.
Foto: Edward Cooke
Eg håpar verkeleg vinteren no er på tampen, nett idet eg har funne min nye vinterblues, nemleg MF Tomlinsons «Winter Time Blues», på det nye, sylskarpe albumet We Are Still Wild Horses. Ei herleg majestetisk opptakt, der delikat orkestert kammerrock får følgje av messingblåsarar av det blåaste slaget, lèt det gå lenge og vel før Tomlinson sjølv tek ordet og fortel om ein morgon av det seige slaget. Ein trur ein veit kvar ein har songen, nokolunde i alle fall, då det heile eksploderer i ein skamlaus, dekadent gitarsolo.
Lakonisk gemytt
Om dette høyrest hakket for grandiost ut, skal eg raskt leggje til at det er det ikkje, for australske Tomlinson er utstyrt med eit lakonisk gemytt, ei eiga evne til å etterfølgje ein presis, poetisk observasjon med eit skuldertrekk som får oss ned på bakken. I opningssporet «A Cloud» briljerer han som observatør på albumets kortaste spor, der utsynet frå kjøkkenglaset får tene som springbrett til tankar om stort og smått, ikkje minst livet i byen. Like herleg er apokalypsetematikken i «End of the Road», som tek oss med på gatedemonstrasjon i London, der Tomlinson er busett, og seier noko om individ og kollektiv i virusets tid.
Kanskje vert det likevel for reduktivt å kalle dette ei pandemiplate, for sjølv om den underlege tida med unntakstilstand dukkar opp på både meir og mindre openberre måtar på albumet, ikkje minst i isolasjonen som fyller vinterbluesen, så dreier det seg ikkje primært om ei epokeskildring, men vel så mykje om eit slags pandemisk bakteppe. Tomlinson er underfundig og full av sjel – virus eller ei.
Kompromisslaust
We Are Still Wild Horses har vore ein slags tilhaldsstad for meg dei siste dagane, ein state of mind, eit rom eg har vore i, anten eg no har bevegd meg rundt eller har vore i ro. At nokon framleis kan lage slik kompromisslaus, visjonær musikk, fyller meg med glede. Eg vert ikkje trøytt av dei fire komposisjonane og alt det dei rommar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.