Film
Sint og ulukkeleg
Veteranen Mike Leigh har laga motsatsen til sin eigen Happy-Go-Lucky.
Pansy (Marianne Jean-Baptiste) (t.v.) har eit eksplosivt temperament. Her saman med frisøren Chantelle (Michele Austin).
Foto: Another World Entertainment
Pansy (Jean-Baptiste) er rasande på alt og alle. Kvart ord er hatsk. Mannen er den milde røyrleggjaren Curtley (Webber), som trår så varsamt som råd. Sonen Moses (Barrett) slit med stor overvekt. Han gøymer seg på rommet med dataspel og bøker, eller ruslar rundt i London for å rømme frå dei harde orda til mora.
Systera til Pansy er den joviale frisøren Chantelle (Austin). Ho og dei to flinke og greie døtrene hennar vil berre vel. Med aggressive Pansy er det i sanning ein hard jobb.
Vanlege folk
Etter mange fjernsynsfilmar på 1970- og 1980-talet slo den britiske regissøren Mike Leigh til med beste regi i Cannes for dystre Naken (1993) og Gullpalmen for rørande Hemmeligheter og løgner (1996). Leigh er kjend for samtidig realisme som sjølv garva filmkritikarar blandar med kollegaen Ken Loach.
Dei siste åra har han i større grad blanda inn historiske drama. Mellom den sterke gulløvevinnaren Vera Drakes hemmelighet (2004), det solide kunstnarportrettet Mister Turner (2014) og politisk historie i Peterloo (2018) finn vi sosialrealisme som Alt eller ingenting (2002), den herleg originalt friksjonsfrie komedien Happy-Go-Lucky (2008) og det muntre relasjonsdramaet Another Year (2010).
Hard Truths er sett til eit miljø av afrikanskætta britar. Dei er vanlege folk. Livet deira er ikkje prega av korkje naud eller rikdom i rekkjehusa i utkanten av London. Men det er lite vanleg med Pansy. Marianne Jean-Baptiste spelar den mest slitsame figuren eg minnest. Det er utmattande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.