Musikk

Sikkert bankkvelv

Folkemusikk og jazz er i godt lag i Bankvelv.

Symre Taugbøl Bang og Heidi Kvelvane spelar saman i Bankvelv.
Publisert Sist oppdatert

Bankvelv er ein original duo med hardingfele og akkordeon, pluss elgitar og altsaksofon. Duoen består av Symre Taugbøl Bang, som tar seg av fele- og elgitarspelet, og Heidi Kvelvane, som spelar akkordeon og altsaksofon.

Dei møtte kvarandre på jazzlinja ved Griegakademiet i Bergen og har sidan samarbeidd i Bankvelv.

Med kjærleiken til folkemusikk har dei gått inn i vestlandsspringaren og overført han frå tradisjonelt trekkspel og hardingfele til saksofon og elgitar. Resultatet er energisk og leiken improvisasjon med stødig slåttespel som grunnlag. Med stødig samspel og stor speleglede får du med denne duoen vestlandsslåttar på ein måte du aldri har høyrt tidlegare.

To versjonar

Det mest originale med duoen er at dei gjer slåttane i to versjonar, som tradisjonell folkemusikk og i eit meir rocka og jazza landskap. Vi får fyrst dei åtte slåttane i tradisjonelle versjonar, før dei gjer dei same slåttane i eit nytt landskap med elgitar og altsaksofon.

Etter mine omgrep fungerer begge delar veldig bra. Bang er ein habil felespelar og gitarist som tolkar det tradisjonelle på ein utmerkt måte, samtidig som ho taklar det «nye» uttrykket med gitaren strålande. Og Kvelvane er ei av Noregs unge altsaksofonistar som i seinare tid har blitt brukt i ei lang rekke spanande prosjekt. Og ho er ein utmerkt utøvar av «flenga», som det kanskje er litt uvant at ein jazzmusikar med hang til det frittgåande eigentleg skal halda på med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement