JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Signe Seim (1929–2023)

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Signe Seim.

Signe Seim.

Foto: Privat

Signe Seim.

Signe Seim.

Foto: Privat

2379
20230224
2379
20230224

I dag vert lyrikaren Signe Seim gravlagd frå Vangskyrkja på Voss. Ho ville ha fylt 94 år i mai.

Signe Seim debuterte i 1960 med diktsamlinga Trø varleg, min fot. Samlinga kom ut på Fonna Forlag. Ho kom deretter ut med åtte diktsamlingar, men ho gav òg ut barnebøker, ein roman og korte skodespel.

Signe Seim var utdanna lærar og var i fleire år ved barneskulen i Leveld i Ål i Hallingdal. Elevar eg kjenner som hadde Signe Seim frå 1. klasse, fortel at dei ikkje kunne hatt ein tryggare skulestart enn gjennom henne. Lærarbakgrunnen var medverkande til at ho gav ut emnehefte både om Per Sivle og Ivar Aasen.

Diktopplesing med Signe Seim var mitt fyrste møte med lyrikk. Om eg ikkje alltid skjøna djupna i dikta, greip dei meg. Framføringa kom innanfrå, rett frå kjelda. Ein måtte høyra etter, også som rastlaus tenåring. Signe Seim hadde ei mild framtoning og samstundes ein styrke både personleg og i dikta ho skreiv.

I 1997 kom Åleine med orda. Dikt i samling. Lyrikaren Magne Myhra har skrive etterordet. Han skriv: «I si dikting vil ho verna det veike og stillferdige, gje ord til det tagale og lidande, protestera mot det urettferdige og hylla det enkle og jordnære. I hennar diktarverd lyder ei uskriven etisk lov: Du skal vera tru mot mennesket.»

Ein annan diktar, Olav H. Hauge, skriv i dagboka i 1966, då Signe Seim kom med samlinga I stillaste timen: «Fine dikt! Dei verkar so ekte, so ekte.»

Då eg var ung, sende eg inn eit dikt av Signe Seim til Ønskediktet i NRK og fekk det opplese. Det er eit dikt frå ei mor til ei dotter. Når eg les diktet, vil eg alltid kunna høyra den varme røysta til Signe Seim.

Ingvild Bryn

Gråt vesle dotter

Gråt vesle dotter, eg held kring deg.

Tårene dine skal renna

til kjelda i brystet har tømt sitt mål.

Sorga er vond å kjenna.

Dagen har rispa ditt vare sinn.

Kvelden legg svie i såret,

og natta som inga miskunn veit om

kan ikkje turka ei tåre.

Døra er stengd til ditt inste rom

og stengd må ho også få vera,

for det som høgg tungt i hjarta ditt no,

einaste du kan bera.

Kunne eg trøysta deg no i kveld

med ord som var mjuke og linne

og velja dei finaste som er til,

kviskra dei stilt mot kinnet.

Sjølv har eg ein gong vore som du.

Gråt vesle dotter, eg teier.

Kjærleik og sorg har så audmjuke ord,

slike me sjeldan seier.

Gråt vesle dotter, eg græt med deg.

Frå Sju frostnetter, Samlaget 1979

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis