Sigerherre-historieskriving

Den paradoksale og tidvis schizofrene striden mot europeisk integrasjon tek seg sjølvsagt betre ut i eit sigerherreperspektiv.

Publisert Sist oppdatert

HISTORIE

Dag Seierstad:

Folket sa nei. Norsk EU-motstand frå 1961 til i dag

Samlaget 2014

Folket sa nei. Norsk EU-motstand fra 1961 til i dag er Nei til EUs jubileumsbok i høve folkerøystinga i 1994. Ho er eit rikt illustrert og detaljrikt partsinnlegg om den norske EU-debatten gjennom 53 år ført i pennen av Dag Seierstad, ein av veteranane i den nasjonale striden mot europeisk integrasjon.

Her vert debatten skildra. Her vert aktørane på nei-sida presenterte. Her er dagboksnotat og avisklipp. Ei framifrå kjelde til eit av dei sentrale stridsspørsmåla i norsk samtidshistorie. Boka vil, utan omsyn til at ho er siger-herrehistorieskriving, verta eit standardverk – som altså nok må lesast med kjeldekritiske augo. Nei-sjela Meldaren, som framleis er ja-mann, gjekk til boka for å finna ut kvifor «folket sa nei». Han fann det. Boka er eit ekte vitnesbyrd om at nei-sida har sjel: eit djupt kjensleengasjement mot europeisk integrasjon og for nasjonal sjølvråderett. Kva no det måtte tyda slik reint praktisk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement