Musikk

Sfærisk pedalsteel-møte

Eit møte mellom musikalske tvillingsjeler.

Engelske Joe Harvey-Whyte og norske Geir Sundstøl har kjent kvarandre i ein tiårsperiode.
Publisert Sist oppdatert

Dei to pedalsteel-virtuosane Joe Harvey-Whyte og Geir Sundstøl har dyrka venskap og dedikasjon til pedalsteel i ein tiårsperiode. I august 2024 var det ei opning i travle frilanskalendrar, og dei møttest i Intim studio i Oslo for å sjekka ut kva dei kunne få ut av to pedalsteel-instrument.

«Me bestemte mest ingenting på førehand», seier Harvey-Whyte, «me byrja berre å spela». Denne spontane og intuitive måten å jobba på har altså resultert i Langeleik.

For Sundstøl er dette ein uvand modus operandi. Han brukar tid på å fila på detaljar. Likevel er musikken her formfullenda. Ingen lause trådar heng og sleng, og det er ein overordna heilskap som overraskar på bakgrunn av det spontane utgangspunktet.

Ein fellesnemnar for mykje av musikken er elva som musikalsk dreiepunkt. Titlar som «Tana», «Rørvikelva», «The Tyburn», «Tista lengter» og «Der elvene møtes» seier sitt. Det flytande lydbiletet som dei to pedalsteelane skapar, blir forsterka gjennom val av spesielle tangentinstrument og elektronikk. Bass- og trommespelet på plata er sjølve definisjonen på diskresjon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement