Film
Sex, løgn og dumme foreldre
Foreldra er verst i tenåringskomedien Blockers.
Foreldra er med på teite drikkeleikar.
Foto: Quantrell D. Colbert / UIP
Nok ein farse om tenåringar som skal ha sex for første gong, seier du? Kan det bli morosamt? Og viss så: Har filmen noko vektig å seie om temaet? Svaret er at Blockers faktisk lukkast i å vere ein morosam tenåringskomedie som jamvel har friske perspektiv på ein utmatta sjanger.
Sexpakt
Vi skal til ein suburb i Illinois. Tre venninner – Julie, Kayla og Sam – førebur seg til den store High school-avslutninga: skuleballet. Julie, den einaste av jentene som er i eit forhold, har bestemt seg for å miste jomfrudommen denne kvelden. Kayla vil ikkje vere dårlegare og plukkar spontant ut ein gut i kantina. Introverte Sam går motviljug med på «sexpakta».
Foreldrepanikk
Når denne premissen er etablert, tar heldigvis filmen ein kreativ U-sving. Foreldra oppdagar planane og får panikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.