Sei ingenting

Denne danske debutfilmen om å vere fødd inn i ein forbrytarfamilie er dønn solid.

Etter at mor hennar døyr, blir 17 år gamle Ida (Sandra Guldberg Kampp) (nedst til venstre) plassert hos tanta Bodil og dei tre sønene hennar.
Etter at mor hennar døyr, blir 17 år gamle Ida (Sandra Guldberg Kampp) (nedst til venstre) plassert hos tanta Bodil og dei tre sønene hennar.
Publisert

Då mora døyr på grunn av rattfyll, flyttar syttenåringen Ida (Guldberg Kampp) inn hjå tanta Bodil (Knudsen), som har kustus på dei tre vaksne sønene sine. Éin bur i kjellaren, éin tar planleggingsmøta for familieføretaket hjå mor og sistemann er ein rastlaus raring som er lydig med på tokt.

Bodil er særs kjærleg, og det store huset i landlege omgjevnader verkar vere ein møblert heim, men at ein vellukka arbeidsdag for ein son betyr ein papirpose med pengar og ein blodig neve, gjev grunn til uro.

Talentiade

Røynde Sidse Babett Knudsen er som skapt for rolla som mafiøs matriark. Alle dei andre skodespelarane held høg klasse, og Elliott Crosset Hove er ypparleg som kua og labil.

I hovudrolla gjer Sandra Guldberg Kampp si fyrste store spelefilmrolle. Det gjer ho med smålåten og sterk glans. Stort sett ser ho stille på kva som skjer. Ein får tid til å observere andletet hennar. Ofte heng fokus lenger enn venta på Ida, medan noko skjer utanfor biletet.

Kamera er stødig ført av kolombianske David Gallego, som òg har filma spektakulære Birds of Passage og Embrace of the Serpent. Lydbiletet er stort sett sømeleg forsiktig. Det er rart korleis roleg dur frå innsida av ein bil kan skapa dirrande spenning.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement