JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Sei ingenting

Denne danske debutfilmen om å vere fødd inn i ein forbrytarfamilie er dønn solid.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Etter at mor hennar døyr, blir 17 år gamle Ida (Sandra Guldberg Kampp) (nedst til venstre) plassert hos tanta Bodil og dei tre sønene hennar.

Foto: Chr. Geis / Mer Film

2469
20200911
2469
20200911

DRAMA/THRILLER

Regi: Jeanette
Nordahl

Blodsbånd (Orig.tittel: Kød & Blod)

Med: Sandra Guldberg Kampp, Sidse Babett Knudsen, Joachim Fjelstrup
Kinofilm

Då mora døyr på grunn av rattfyll, flyttar syttenåringen Ida (Guldberg Kampp) inn hjå tanta Bodil (Knudsen), som har kustus på dei tre vaksne sønene sine. Éin bur i kjellaren, éin tar planleggingsmøta for familieføretaket hjå mor og sistemann er ein rastlaus raring som er lydig med på tokt.

Bodil er særs kjærleg, og det store huset i landlege omgjevnader verkar vere ein møblert heim, men at ein vellukka arbeidsdag for ein son betyr ein papirpose med pengar og ein blodig neve, gjev grunn til uro.

Talentiade

Røynde Sidse Babett Knudsen er som skapt for rolla som mafiøs matriark. Alle dei andre skodespelarane held høg klasse, og Elliott Crosset Hove er ypparleg som kua og labil.

I hovudrolla gjer Sandra Guldberg Kampp si fyrste store spelefilmrolle. Det gjer ho med smålåten og sterk glans. Stort sett ser ho stille på kva som skjer. Ein får tid til å observere andletet hennar. Ofte heng fokus lenger enn venta på Ida, medan noko skjer utanfor biletet.

Kamera er stødig ført av kolombianske David Gallego, som òg har filma spektakulære Birds of Passage og Embrace of the Serpent. Lydbiletet er stort sett sømeleg forsiktig. Det er rart korleis roleg dur frå innsida av ein bil kan skapa dirrande spenning.

Gagns gangster

Regissør Jeanette Nordahl har godt grep om sin fyrste spelefilm. Dei visuelle vala gjer perspektivet til Ida tydeleg, med blikk inn i ein forkvakla familie fanga av klassiske lojalitetsband. Virket som lånehai er kanskje lukrativt, men blodsband kan kvele ein stille.

Sjølv om enkelte manusgrep er litt opplagde, og ein ser kva som kjem til å skje, vantar ikkje filmen overraskingar. Det er naturleg å sjå til ein annan dansk debutfilm om ei ung kvinne på randa av eit kriminelt miljø, nemleg Holiday av Isabella Eklöf frå i fjor. Holiday var friskare.

Etter originale og ofseleg fine Onkel er ikkje Blodsbånd den beste danske filmen på kino i år, men alle desse tre er døme på grådig gode filmar av lovande skandinaviske regissørar. Det er gledeleg at vi får sjå slike på kino.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sjølv om enkelte manusgrep er litt opplagde, vantar ikkje filmen overraskingar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis