Musikk
«Seamus Fogarty har ei knakande god evne til harmonisk eufori.»
Foto: Meli Richler
Irsk skutepop
Om familien til Brian Wilson ikkje hadde hamna i California, men i staden for eksempel valt seg Irland, ville musikken til Beach Boys kanskje likna på dette. Seamus Fogarty har i snart ti år spelt morosam og fengjande musikk som kan forvekslast med det dei med behov for merkelappar vil kalle alternativ pop. Men altså med ei knakande god evne til harmonisk eufori.
I år har iren lagt til meir elektronikk og samstundes nærma seg ein annan storleik frå overgangen mellom 1960- og 1970-talet: Paul McCartney. Ikkje som i versjonen me kjenner frå Beatles, men som han som var i Wings. Det er ein skilnad, særskilt i evna til og ynsket om å eksperimentere. «I Passed Your House» er til dømes eit døme på at nokon gonger er nærast hypnotisk bruk av gjentakande refreng, snublande trommer og ein gyllen trompetsolo det einaste som verkeleg kan lyfte ein god song.
Ei overrasking i påska
Meir frå Irland: Kvartetten mange irriterer seg over, har alt funne tilbake til sitt opphavlege politiske medvit på EP-en dei gav ut oskeonsdag. Langfredag var dei sanneleg tilbake igjen, med nok ein EP. Easter Lily EP kjem ikkje til å vinne nokon pris for tittelen eller omslaget, men tenkjer meir innover og fortel om å hugse vener som ikkje er her lenger, i tillegg til refleksjonar rundt kven ein sjølv har blitt når ein er meir aldrande enn vaksen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.