Film
Scener frå helvete
Bilda frå Syria du ikkje vil, men bør sjå.
Mellom bomber og skot høyrer vi historiene til barn, aktivistar og generalar.
Foto: Tour de Force
Mykje er sagt om borgarkrigen i Syria som no er inne i sitt sjette år. Opp mot 600.000 har døydd på grunn av krigen. Millionar er drivne på flukt. Det som ein gong var sivilisasjonens vogge, er fullstendig øydelagt av islamske villmenn (IS) og ein president (Bashar al-Assad) som drep sitt eige folk med kjemiske våpen.
Talande tittel
Cries from Syria – tittelen er talande nok – er halvannan time med sterke, forferdelege bilde frå krigssonene, av folk som går gjennom helvete på jord. Det er det vondaste du får sjå i år, viss du orkar. Og det bør du, om ikkje anna for å prøve å sette deg i skoa til dei som har reist over Middelhavet i ein overlest gummibåt.
Dokumentarfilmen teiknar først opp dei store linjene i konflikten. Frå far Assads veg til makta 40 år tilbake i tid, og diktaturet han innførte, via sonens overtaking og endå verre maktutøving, til den arabiske våren i 2011 og håpet om revolusjon. Så talar bilda, eller kameraet, filma av sivile midt i infernoet.
Sterke historier
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.