Bok
Sauron i tujahekken
Silje Bekeng-Flemmen blandar gotisk skrekk med samfunnskritikk.
Silje Bekeng-Flemmen er kritikar, journalist og redaksjonssekretær i Bokmagasinet til Klassekampen. No debuterer ho som romanforfattar.
Foto: Julie Pike
Det attraktive, men akk så krevjande småbarns- og familielivet får gjennomgå i mange bøker i samtida. Det kan bli litt vel mange variasjonar over same tema. Silje Bekeng-Flemmen gjer sin heilt eigen vri. Med førelegg frå både bibelske og norrøne mytar legg ho eit filter av gotiske skrekkelement over den røyndomsnære handlinga.
Først kjem desse innslaga som eksotiske og passe skumle drypp av uhygge og mørker. Utetter i boka aukar det til ein malstraum som skyv karakterane langt ut på djupt vatn. Forfattaren meistrar den sjeldne kunsten å både ta samtida på kornet og feste det heile i noko eldre og større.
Det er den kjende luciasongen som framleis blir sungen i alle barnehagar den 13. desember, som har gitt tittel til boka og til dei ulike delane i henne. Men meir enn den kristne helgenkvinna er det gamle soger om lussinatta som er førelegget her – og nettopp kontrasten mellom den lyse Lucia og den mørke Lussi. Ho var ifølgje gamle mytar ei trollkjerring som fór over himmelen med trollfølgjet sitt i desember. Då skulle særleg barna passe seg. I tillegg kontrollerte ho om folk hadde skikka seg vel fram mot vintersolkverv og julefeiring.
Grenser
Tidsrommet i romanen går frå august og framover mot 13. desember og tek til med håpefulle førsteklassingar ved skulestart i eit villaområde. Barna bur i ein kvit og rik idyll, kringsett av meir fattige buområde med høgblokkar og motorvegar. Nettopp skulen er sentral, mykje av dramatikken skal dreie seg rundt skulekrinsar og grenser.
Ein idealistisk politikar med ikkje-norsk bakgrunn har flytta til dette området og ivrar for å bryte opp skulekrinsen og jamne ut sosiokulturelle forskjellar. Ei velkjend og høgst reell problemstilling frå hovudstaden vår, som stadig er ein delt by. Tiltaket møter sterke protestar. Ambisiøse og – skal det vise seg – ikkje særleg tolerante foreldre vil ikkje ha noko av at nokon kjem og forstyrrar det vesle paradiset barna deira er så heldige å vekse opp i.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.